Fotball | 28. apr. 2024

Bakkerud inn i trenarteamet til Os gatelag

Hitland får med seg mannen med høgast trenarkompetanse i Bjørnafjorden.

Bakkerud inn i trenarteamet til Os gatelag
Lars Bakkerud (t.v.) blir med Tor Arne Hitland som trenar for Os gatelag. – Her er alle velkomne, uavhengig av alder, bakgrunn og form. (Foto: Susann Haukeland Børnes)
Susann Haukeland Børnes
Susann Haukeland Børnessøndag 28. apr. 2024 12:19

Prosjekt Livskvalitet har, ved sidan av ski- og sykkelverkstaden i Os sentrum, ei rekkje aktivitetstilbod, som riding, crossfit, klatring, turgruppe, Norges første gatelag i handball og - ikkje minst - eit aktivt gatelag i fotball.

Dei har arrangert cup for gatelag tre gongar. I fjor debuterte dei i NM og kom heim med to pokalar.

Tor Arne Hitland, som er med på å halda fleire hjul i sving, får no med seg ein kompetent medtrenar på kunstgraset.

– Gatelaget i fotball er eit populært tilbod. Vi har trening på dagtid, to dagar i veka, og framleis det er er framleis ope for alle som vil å bli med, seier Hitland.

– Vi ønskjer å løfta det vidare, og eg er veldig glad for samarbeidet vi har med Os Fotball, og at ein mann som Lars Bakkerud kjem inn i teamet.

F.v.: Bakkerud, Brenne og Hitland. (Foto: Susann Haukeland Børnes)
F.v.: Bakkerud, Brenne og Hitland. (Foto: Susann Haukeland Børnes)

Dagleg leiar Endre Brenne seier gatelaget er ein viktig og flott del av idrettslaget.

– Det er ein varm stad å vera. Vi vil hjelpa til med å få tilbode endå større og betre, seier Brenne.

Bakkerud er ikkje berre ekspert i den nye podkasten Sleivkast.

Han har bakgrunn som spelar i Brann (1992-1998), blei etterpå seriemeister med Gøteborg, gjekk frå jobben som trenar for Fredrikstad til å bli sportssjef i Os Fotball frå 2014, tilsette i si tid dagens leiar og trenar Endre Brenne - og har UEFA Pro-lisens.

– Eg var med på å starta gatelag i Fram Larvik i 2017. Det var veldig givande! fortel han.

– Å kombinera det å utvikla fotballspelarar med å gi folk eit pusterom i kvardagen, med trening, måltid og ei sosial stund, gjer gatelagidrett til eit fantastisk fint tilbod.

– At fotball kan vera med på å bidra til noko sånt, er heilt fantastisk! synest han.

– Ein varm stad å vera og ein viktig del av klubben, seier Brenne om gatelaget. Her saman med nokre av spelarane. (Foto: Susann Haukeland Børnes)
– Ein varm stad å vera og ein viktig del av klubben, seier Brenne om gatelaget. Her saman med nokre av spelarane. (Foto: Susann Haukeland Børnes)

Bakkerud og Hitland understreker at alle er velkomne, uansett alder, bakgrunn og fysisk form.

– Dei fleste har sparka i ein ball og sett ein fotballkamp. På eit gatelag skal alle kunna bidra. Vår rolle som trenarar er å bidra til utvikling og meistringskjensle hos det enkelte, og opplevinga av å oppnå noko saman, seier Lars.

– Og så skal vi ha det gøy på veg til mål, både på trening og i kamp og cup. Vi har vår eigen cup, vi har open dag med grillfest, mål om fleire turar til NM og ein årleg julemiddag, supplerer Tor Arne.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.