Samferdsle | 04. mai 2024

Oppdatert: MC-førar omkom i ulykka

Motorsykkel kolliderte med bil.

Oppdatert: MC-førar omkom i ulykka
Ulykka skal ha skjedd nær bomstasjon og Er-An Bilverksted ved Haltbakk stasjon. (Foto: Elin Johnsen))
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 04. mai 2024 12:02

Vegtrafikksentralen opplyser klokka 14.00 at fylkesveg 583 Byvegen er stengt på Røykenes nær Er-An grunna trafikkulykke.

Politiet fortel at det har vore ein kollisjon mellom bil og motorsykkel. Dei fekk melding om ulykka klokka 13.50.

– Nødetatar er på veg, inkludert luftambulanse. Det er passasje for bilar no, men vegen blir truleg stengt snart, lyder første oppdatering frå Vest politidistrikt.

Det er foreløpig uvisst kva som er årsaka og kor mange personar som er involvert.

Airbag i bil er utløyst.

– MC-førar var åleine på sykkelen. Det framstår som ei alvorleg ulykke, opplyser politiet.

Politiet oppdaterer klokka 14.23: MC-førar omkom i ulykka.

– Skadane var omfattande, opplyser operasjonsleiar Frode Kolltveit.

– Alle nødetatane har no vore på staden ei stund. Ulykkesgruppen til Statens vegvesen er varsla, og rykker ut. Vegen blir stengt ei god stund framover.

Politiet oppdaterer laurdag kveld:

Innsatsleiar Frank Listøl. (Foto: Elin Johnsen)
Les ògMC-føraren som omkom var frå Bergen

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.