Båt og sjøliv | 23. apr. 2024

Held ope stiftingsmøte for MB «Snøgg»

Os Sogelag vi torsdag gje krigsminnet frå seg til vernelag.

Held ope stiftingsmøte for MB «Snøgg»
Interimstyret, her med ein mindre båt enn MB Snøgg. F.v.: Egil Rundhovde, Øystein Moberg, Leo Corneliussen, Oddbjørn Klyve, Einar K. Nordtvedt, Mats Hjelle og Andreas Hagevik. (Foto: Ole Vidar Søviknes)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 23. apr. 2024 13:36

I fjor overtok Os Sogelag eigarskapen til MB «Snøgg», ei 29 fot lang skøyte bygd ved Henrik J. Askvik og Sønner i 1926.

Same år fekk båten status som verna.

– Etter det vi kjenner til er Snøgg det einaste maritime krigsminnet Os har igjen, seier Oddbjørn Klyve frå Os Sogelag.

«Snøgg» var sentral i operasjonen som berga dei seks kanadiske flygarane som naudlanda på Haugland i Os hausten 1944.

Mats Hjelle, Leo Corneliussen og Øystein Moberg i Vargavågen i går. Fluktbåten MS Snøggi bakgrunnen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Les ògBåtpuss for krigshistoria

Allereie i fjor var det meininga at Os Sogelag skulle ta initiativ til å danna ein organisasjon som kunne overta eigarskapen og vedlikehaldsansvaret.

– Det er vanleg å danna ei stifting til slike formål. Vi har undersøkt med fleire stiftingar som tar vare på verna båtar, og er no i ferd med å danna «Vernelaget MB Snøgg».

MB Snøgg til kai i Os hamn saman med eit anna krigsminne, KNM Hitra, i oktober 2019. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
MB Snøgg til kai i Os hamn saman med eit anna krigsminne, KNM Hitra, i oktober 2019. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Interimstyret har hatt møte i Oselvarnaustet.

Torsdag kveld er det stiftingmøte på biblioteket.

Vernelaget MB Snøgg skal:

  • Eiga det verna fartøyet MB Snøgg (vert overdrege vederlagsfritt frå Os Sogelag, som i dag eig båten.)
  • Rehabilitera, drifta og vedlikehalda MB Snøgg etter antikvariske retningsliner frå Riksantikvaren.
  • Gjera redningsaksjonen av det Kanadiske flymannskapet i 1944 kjent.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.