Brann og beredskap | 17. mars 2023

Lekkasje på Nore Neset ungdomsskule

Vasslekkasjen dekker om lag 100 kvadratmeter golvflate.

Lekkasje på Nore Neset ungdomsskule
Brann og redning fekk melding om vasslekkasje på Nore Neset ungdomsskule. (Arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Eirin Eriksen Horvei
Eirin Eriksen Horveifredag 17. mars 2023 09:07

Fredag morgon fekk Bjørnafjorden brann og redning melding om ein vasslekkasje på Nore Neset ungdomsskule.

– Brann og redning dro til ungdomsskulen i dag tidleg rundt klokka 08.30, opplyser fungerande brannsjef Erik Walden.

Vasslekkasjen er innandørs og dekker om lag 100 kvadratmeter golvflate.

Brann og redning er på staden saman med politiet og fire personar frå tekninsk eining i Bjørnafjorden kommune.

– Det blir brukt tre vassugarar for å fjerna vatnet.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.