Sleivkast | 30. apr. 2024

Sleivkast 06: Appetitt og rutine

Ørjan Håland og Tim Nilsen frå Fana besøker Davy og Lars.

Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 30. apr. 2024 05:45

Sleivkast er Midtsiden sin nye podkast, starta før serieopning våren 2024. Programleiar Davy Wathne styrer Sleivkast saman med fotballekspert Lars Bakkerud. Sleivkast blir òg gjort tilgjengeleg der du høyrer podkast ein dag eller to etter at videokasten er publisert.

Episode 06: Appetitt og rutine

Dagens gjestar: Ørjan Håland og Tim Nilsen

Osingen Ørjan Håland var med på Os sitt opprykk til 2. divisjon i 2006, og var assistent for Hassan El Fakiri då han trente Os. Håland blei presentert som ny trenar for Fana før 2019-sesongen, der han har hatt gode resultat både på tabellen og med utvikling av spelarar til høgare nivå.

Tim Nilsen har bakgrunn frå både Nest-Sotra, Sogndal, Mjøndalen, Ljungskille, FK Khimki, Fredrikstad og Lysekloster.

I 2022 skåra han 25 mål på 22 kampar for Fana, i fjor blei det 18 mål på 16 kampar. Årets sesong har han starta med 5 mål på 3 kampar.

– Korleis er det for ein rutinert spiss å trappa ned i Norsk Tipping-ligaen og kva rolle synest Håland at spelarar som Nilsen tar?

– Held dommarane tritt med tempoet på nivå 4 i norsk fotball, og kva var høgdepunktet i førre serierunde?

Fana er Os sin neste motstandar - laurdag skal dei møtast på Kuventræ.

Podkast og varsel

Sleivkast er òg tilgjengeleg som lyd åleine. Podkast blir som oftast publisert cirka eit døgn etter videokasten.

Trykk gjerne på abonnér, så får du varsel når vi er ute med ny episode.

Hugs å tipsa andre som kan ha glede av Sleivkast!

Har du kommentar til episodane eller tips om tema eller gjestar? Send til oss på tips@midtsiden.no.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.