Brann og beredskap | 23. sep. 2022

Brann i nedlagt barnehage

Det er meldt om opne flammar i bygg.

Brann i nedlagt barnehage
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 23. sep. 2022 13:29

Brannvesenet har rykt ut til eit bygg på Furuflaten på Søfteland etter melding om røykutvikling, opplyser 110-sentralen klokka 15.22.

Brannvesenet er no framme på adressa, og fortel om opne flammar i bygget.

Røykdykkarar er i skrivande stund sendt inn.

– Parallelt med sløkking av brann, søker vi gjennom bygget for å sikra at det ikkje er folk i bygget. Vi er akkurat no ferdige med første etasje, og går opp i andre, seier brannsjef Eivind Hovden.

Brannen er i eit barnehagebygg som har stått tomt i fleire år.

Bygget har vore utsett for hærverk fleire gongar, blant anna for eit halv år sidan, noko som blei filma av eit vitne.

Innsatsleiar hos politiet, Per Magnus Vabø, seier ein person blei observert nær bygget før eller rett etter at røyken blei observert.

– Vi har ikkje vore i kontakt med vedkomande. Det er heller ingen pågåande søk utandørs, seier Vabø.

Det er så langt ikkje nokon som er skadd i brannen.

– Brannen har starta i vestenden av bygget. Vi har kontroll på brannen, men er ikkje ferdige med slokkearbeidet, seier Hovden.

I 16.15-tida fortel Hovden at det ikkje blei funne folk i bygget.

– Brannen er sløkt, men det er framleis noko røykutvikling, så vi driv og undersøker taket samtidig som det gjenstår noko ettersløkking.

Verken politi eller brannvesen kan foreløpig seia noko om årsak til brannen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.