Lokal | 13. jan. 2015

– Var heldige med muren

Lyse Kloster ruinane nær treft av trefall. – Vi var heldige som ikkje fekk større skader på muren, seier Lisbeth Axelsen.

– Var heldige med muren
Nokre store greiner knakk og ramla ned på Lyse Kloster-ruinane i helga. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Andris Hamretirsdag 13. jan. 2015 12:54

Bildeserie:

Ruinane er under konservering og dei fine søylene slapp unna. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Ruinane er under konservering og dei fine søylene slapp unna. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Onsdag skal trea fellast. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Onsdag skal trea fellast. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Ruinane blei ikkje skadd i stormen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Ruinane blei ikkje skadd i stormen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
1 av 3
Ruinane er under konservering og dei fine søylene slapp unna. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Onsdag skal trea fellast. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Ruinane blei ikkje skadd i stormen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Ruinane ved Lyse Kloster er ein av fleire ruinar rundt i landet som er med på Riksantikvaren sitt prosjekt for å ta vare på og konservera disse. For nesten to år sidan blei 10 store almtre i forkant av ruinane felt nettopp for å hindra at vind og vêr skulle blese dei over ende og skade klosterruinane.

I orkanen i helga har eit av dei to trea som fekk stå igjen fått gjennomgå med det resultat at fleire store greiner er knekt av og hamna delvis oppå den eine muren.

– Eg fekk melding om det i går og var ute der for å sperra av området rundt trea.

– Publikum som skal opp på Lyshornet må vera forsiktige når dei skal passera for fleire av greinene står i spenn.

– Vi har allereie bestilt trefellaren til å ta seg av dei greinene som har falt ned. Han kjem etter planen i ettermiddag for å sjå på det, fortel kultursjef Lisbeth Axelsen, som er tiltakshavar på vegne av kommunen, riksantikvaren, byantikvaren og grunneigaren i høve konserveringa av ruinane.

Ventar på godkjenning

Axelsen har fått kommunegartnar Knut Geelmuyden til å vurdera tilstanden til trea.

– Tilrådinga er at trea blir tatt ned.

– Dette har eg formidla til byantikvaren, som er fagleg rådgjevar og ei forlenga arm for riksantikvaren.

– Tilbakemeldingane derfrå er at dei er einige i den vurderinga, men vi må få godkjenning frå Riksantikvaren før vi kan setta i gang.

– Eg reknar med å få høyre frå dei i løpet av nokre dagar, seier Axelsen.

Oppdatert: Tysdag ettermiddag har kommunegartnaren på nytt tatt turen i klosterruinane.

– Dei har på eigenhand vurdert greinane som låg der som såpass farlege at dei tok første del av oppryddinga på veg frå eit anna oppdrag i Lysefjorden.

– No er dei greinene som sto i spenn blitt tatt hand om. Resten vil dei ta seg av i morgon, onsdag. Då vil vi òg fjerna sperrebanda, avsluttar kultursjefen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.