Fotball | 14. mai 2024

Venta sterk motstand - vann med to mål

Os slo Førde på Kuventræ.

Venta sterk motstand - vann med to mål
Ingeborg og Vy, her heime mot Bremnes førre runde, skåra kvar sitt mål mot Førde laurdag. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 14. mai 2024 08:18

Etter at 1-0-leiinga glapp heime mot Bremnes måndag i førre veke tok Os imot Førde til nok ein heimekamp laurdag.

Førde var venta å yta sterk motstand, dei sto med siger i 4 av sesongens første 6 kampar.

– Jentene starta bra og spelte ein veldig god førsteomgang, synest Os-trenar Ørjan Sandal.

Til pause sto det 1-0 etter skåring av Ingeborg Ljostveit i 39. minutt. Ho putta på retur etter corner.

– Førde var gode, og dei tok over presset og dominansen etter pause. Men vi forsvarte oss godt og berga sigeren.

På ei kontring på overtid auka Vy Nguyen til 2-0.

Os - Førde 2-0 (1-0)

Grunna framskynding av bortekamp mot Lyngbø for nokre veker sidan står Os med tre heimekampar på rad.

Neste kamp er den siste i denne heime-rekka, tysdag tar Os imot Arna-Bjørnar 2.

Arna-Bjørnar 2 har 6 poeng på 7 kampar og ligg på 10. plass på tabellen, Os har 11 poeng på 7 kampar og ligg på 5. plass.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.