Sport | 20. mai 2009

1-18 på to kampar

Foreldre stiller spørsmål ved fotballgruppa si prioritering etter at juniorlaget er "støvsugd for spelarar." Dei to siste kampane har Os junior elite tapt 0-8 og 1-10.

1-18 på to kampar
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 20. mai 2009 11:09

Os junior rykte opp igjen til elite i 2007, og både 2007 og 2008 blei sesongar med svært gode resultat i både serie og på ulike cupar. I fjor blei 6-7 spelarar tatt opp i A-stallen, i år spelar endå fleire unge osingar på seniornivå.

I år har juniorlaget hatt ein tøffare start, på fire rundar har dei berre hatt éin siger, og dei to siste kampane har enda 0-8 (for Løv Ham) og 1-10 (for Brann på heimebane tysdag kveld). Sjå tabell.

- Eg er imponert over den jobben trenarane gjer, både med spelarutvikling og med å skapa eit godt miljø i laget. Men det kan ikkje vera mykje kjekt for spelarane, særleg dei som er nye på juniorlaget, å merka at dei ikkje klarar å matcha motstanden i serien betre enn dette, seier mora til ein av spelarane til midtsiden.no.

- Klar prioritering
A-lagstrenar Frank Hellevik forklarar at klubben er klar i si prioritering.

- A-laget kjem først, så Os 2 og så Os junior elite. På juniornivå er vi mest opptatte av spelarutvikling, resultat er ikkje like viktig, seier Hellevik.

- Men det kan ikkje vera kjekt å tapa med store siffer gong på gong?

- Det er her utfordinga ligg, å få spelarane til å bry seg meir om eigen utvikling enn resultat i kampar. Når spelarane ser kor godt ungdomen gjer det på A-laget og Os 2, så bør det vera ei fristande gulrot, meiner han.

- Vi har ein ung, men entusiastisk gjeng. Tapet for Brann legg vi rraskt bak oss, vi klarte 0-2 til pause mot eit svært bra lag, seier juniortrenar Øyvind Steffensen.

Komande stjerner?
Unge stjerner i norsk og internasjonal fotball har ikkje blitt henta direkte frå gutenivå til elitelag.

- Ungdomen treng tillit for å utvikla seg. Om ein 16-åring er god nok for seniornivå så skal han spela på seniornivå. Ser vi nedover i rekkjene i Os-fotballen så har vi mykje å fryda oss over.

- Vi har meir enn eit heilt juniorlag på Os og Os 2, og desse spelarane får ei veldig positiv utvikling. Vi kunne brukt mange av dei endå oftare, men har også gode seniorar, og må først og fremst plukka ut det beste laget til kvar kamp, legg A-lagstrenaren til.

Uaktuelt å rykka ned
Junior NM blir prioritert på lik linje som seniorfotball, derfor får laget bruka juniorspelatrar frå A-laget også når dei førstkomande laurdag spelar andre runde i NM på heimebane.

- Er det ikkje også eit poeng å halda juniorlaget på eit høgt nivå i serien?

- Jau. Derfor har vi tett dialog med trenarane Øyvind Steffensen og Bjørn Bakke. Dei gjer ein strålande jobb, og held oss orientert om utviklinga. Om dei får det for tøft i serien skal dei få fleire spelarar tilbake for å halda nivået.

Mora vi har snakka med meiner A-laget ikkje bør venta for lenge.

- Då vi spelte mot Løv ham brukte motstandarane fleire spelarar som hadde vore med mot A-laget kampen før. Mot Brann i går hadde også motstandaren 6-7 frå A-stallen med. Eg håpar spelarane våre har evnen til å legga kampar bak seg, men leiinga i Os bør ikkje venta for lenge før dei styrkar juniorlaget, meiner ho.

Os junior elite spelar 2. runde NM mot Øygard på Kuventræ klokka 16.00 laurdag. Tysdag 26. mai har dei neste seriekamp, heime mot Stord klokka 18.30.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.