
10 år på Hawaii
I august 2001, etter å ha tatt mastergrad i logikk i Amsterdam, reiste Alexander Bergo til Hawaii for å studera vidare og for å ta nye mastergradar. Der bur den tidlegare handballspelaren enno.
- Skule var utgangspunktet, men heilt sidan eg i 8-9-årsalderen fekk eit surfemagasin har eg hatt lyst til å prøva meg i bølgjene. Sommar og sol lokka også, innrømmer han.
Alexander, som spelte for eliteserieklubben Norrøna til skadar øydela karrieren hans, har skifta ut klister og handball med kiteutstyr og padlebrett (stand up paddle board, les meir om dette seinare i intervjuet). Samstundes er han opptatt med både jobb og doktorgrad.
Surfing og snø
Idyllen var det første Bergo sette pris på i sitt nye heimland. Å gå med shorts, korterma skjorte og utan sko heile året. Maten, som i sterk grad er påverka av asiatisk kokekunst, og porsjonane, som er like rause som dei polynesiske innbyggarane er gjestmilde, var også lett å venna seg til.
- Ein ting eg også tidleg la merke til er variasjonane og fargane, dei ekstremt fine solnedgangane og det spennande mangfaldet på dei mange øyene som utgjer USAs 50. delstat.
- Mange tenkjer på sol og strand når Hawaii blir nemnt, men her er også fint turterreng på vulkanske klipper, jungel, urbant landskap - og snø. I førre veke fekk eg epost av ein venn av meg frå ei av naboøyene, Big Island. Ho hadde stått på snowboard om formiddagen og surfa på ettermiddagen.
Øyene er veldig ulike, fortel han. Big Island har snø på toppen, men varmt vatn utanfor strendene, ein time med bil unna. Kauai har lang og fin urørt kyst og er suveren for dykking, Oahu er meir urban og med veldig bra bølgjer og Maui har litt av alt, og er veldig bra for kiteboarding.
Sjølv bur Bergo i Honolulu, som ligg på øya Oahu.
Jobb, firma og hobby
Kvardagane går med til å undervisa på University of Hawaii, i tillegg held han på med å ta ein doktorgrad. Alexander er også medeigar i eit selskap som driv med webdesign/webutvikling, systemanalyse og marknadsføring.
Sjølv om draumen var å surfa, held Bergo seg stort sett vekke frå tradisjonell bølgjesurfing. Men han tar gjerne ein tur med kite før han går på jobb om morgonen.
- Andre hobbyar er dykking og stand up paddle boarding, noko eg ikkje kan anbefala nok. Om ikkje så lenge så ser de nok folk stå og padla på lange brett i Bjørnefjorden òg, spår han.
Aldri heim igjen?
Alexander synes det er lett å forklara kvifor han og kona Viil Lid har blitt verande.
- For det første er det lett å vera her. Det er stort sett sol og rundt 30 gradar heile året. Det er som om tida stoppar opp litt, du kan ta ein miniferie etter jobb, ein tur på stranda med kona mi og heile dagen ved pc-en er gløymt. Nokre gode bølgjer og det som må ha vore av stress er vekke.
Han prøver å få seg éin tur i året til Noreg. Sist han var i Os var rundt 17. mai 2009, i mai 2011 er det konfirmasjon i familien, så då vil han heim igjen.
- Eg tippar det blir ein tur til Noreg i oktober også. Då er det oldboys-NM i handball i Bergen, og eg har faktisk fått tak i klister så eg kan byrja å varma opp armen igjen.
- Når det gjeld flytting er det ganske ope. Vi veit ikkje kva det blir, men vi snakkar både om Noreg, Nederland og andre stadar.
- Kva saknar du, og kva saknar du ikkje?
- Eg saknar famile, vennar og hytta i Øyane. Eg saknar ikkje det dårlege utvalet i norske butikkar, det er synd at utvalet blir styrt av nokre få, store kjeder, vi har det så bra i Noreg at vi gløymer av og til å prøva å sjå etter kva vi kan bli betre på.
bli betre.
Jul med slekt og import
Med dekorert palme, niese og nevø på besøk, og imortert juleøl i kjøleskapet blei det litt julestemning også hos Alexander i år.
- Vi feira på stranda med litt surfing før vi reiste heim til god mat og godt, norsk øl.
- Eg fekk ei espressomaskin til jul, så i romjula blir det kjørt hardt på med kaffikoking.
10 KJAPPE MED ALEXANDER BERGO
1. Korleis blir romjula di i år?
- I romjula blir det mykjee kos med familien, mykjee surfing og ein del jobbing. Ikkje så veldig forskjellig frå kvardagen, kanskje, men litt ekstra god mat.
2. Er det noko du skulle ønskja du hadde tid til mellom jul og nyttår, men som du ser ikkje blir noko av i år?
- Meir ferie, og gjerne ein tur til Noreg.
3. Kva er det kjekkaste som har skjedd deg i 2010?
- Det er mykje bra som har skjedd i år, så det er vanskeleg å velja ut noko. Men vi hadde eit kjempefint besøk av foreldra mine i høst, og det er kjekt å ha besøk av nevø og niese no i jula. Eg hadde også ein fin tur til California med min kjære, der vi både fekk med oss ein Pixies-konsert og tok ein tur i vindristriktet Sonoma valley.
4. Kva ser du mest fram til i 2011?
- Eg gler meg veldig til å reisa til Noreg i mai. Elles så satsar eg på at eg får skrive mykje på doktorgradsoppgåva mi. Eg skal også ta «'lappen» på tow-in surfing. Elles ser eg fram til mange fine paddle surfing-turar med fruen, til turar, dyking og kiting.
5. Om du skulle hatt ein heilt annan jobb, kva skulle det vore?
- Kanskje diktator. Det er jo så mykje å fiksa i verda.
6. Er det noko du er veldig flink til, som dei fleste som kjenner deg ikkje veit om?
- Vel, eg lager ein ganske god espresso. Elles så maser eg så mykje at det meste eg er god på blir nok godt marknadsført, he, he!
7. Om du kunne ønskja deg ein eigenskap, kva skulle det vore?
- Å pusta under vatn. Det er litt kjipt å bli halde nede i bølgjer. Om det blir for mykje å be om kunne eg tenka med å få så store augebryn at eg kunne bruka dei til caps-brem.
8. Er det ein plass i Os som betyr ekstra mykje for deg? I så fall, kvifor?
- Ja. Heilt utan tvil Søre Øyane. Plassen er heilt fantastisk og utan sidestykke i verda for meg. Det er ein unik plass der eg slapper veldig godt av, frå eg kan hugsa har eg berre gode minne frå Øyane.
9. Om Midtsiden spanderte reisa – kvar gjekk turen?
- Oi. På ei relativt lang liste av plassar eg vil reisa er Øyane, Okinawa, Peru og Great Barrier Reef i Australia på topp. Skal eg senda deg kontonummeret mitt?
(Om Bergo kjem seg til Os spanderer vi drosje til Øyane, red. anm.)
10. Du skal vera åleine på ei aude øy, utan straum og trådlaust nett, i ein månad. Kva tar du med deg, om mat og drikke er ordna med?
- Nokre standup-paddleboards, surfebrett og nokre kiter. Det hadde vore fantastisk!
Kommentarer
Tips midtsiden.no
Kjetil Vasby Bruarøy + 47 90 78 92 70
Andris Hamre +47 47 90 61 11
© 2012 midtsiden.no