Næringsliv | 26. feb. 2012

10 år på tur

Og no går gasellebedrifta Vitaltur back to basic med auka satsing på aldersgruppa 55 pluss.

10 år på tur
Hans Parnefält og Inger Berit Bøyum feirar 10-årsdagen med å servera kundane ein dobbelt så tjukk katalog som tidlegare år. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 26. feb. 2012 08:35

Det første flyet blei fort utselt og ekstrafly blei sett opp. 4. og 18. november for rundt 10 år sidan gjekk Vitaltour sine to første turar frå Flesland, begge flya med 164 godt vaksne osingar på veg til Kypros på helse- og trivselsreise.

– Ideen er adoptert frå Danmark. Eg dreiv eit hotell på Kypros då eg blei kjent med tilbodet ein dansk kommune hadde til sine pensjonistar. Dei hadde sydd saman eit reisetilbod for eldre, med tryggleikspersonell og godt eigna reisemål, eit opplegg eg hadde sansen for og tru på, seier Vitaltour-grunnleggar Hans Parnefält.

– For mykje som stemte

Svensken Parnefält har kone frå Os, og sat heime i Giljavegen då han leste om Terje Søviknes i Bergens Tidende. Den ferske Os-ordføraren hadde ambisjonar om å senda eldre til Syden, og hadde både vore i møte med Os Pensjonistforening og på studietur den danske kommunen Parnefält kjente til frå Kypros.

– "Det er no eller aldri", sa eg til meg sjølv. Her var det for mykje som stemte til at eg skulle halda meg unna. Eg tenkte eg kunne dela ideane mine og tankane mine med leiinga i kommunen.

Han kontakta ordføraren og var i starten ein gratiskonsulent i prosessen med å laga eit tilbod til dei eldre i Os.

– Det blei ikkje tur på kommunen si rekning, men saman forma vi eit opplegg som slo godt an, med skreddersydde turar og helsepersonell frå kommunen.

Spreidde seg

Dei første turane gjekk via Os Reisebyrå, så blei trivsel- og helsereisene lagt ut på anbod. Parnefält fekk med seg tidlegare kollega Göran Nordström på laget og stifta Vitaltour AS. Selskapet vann anbodet, først for ett år, så for 3 år (3+1+1).

– På det meste har vi hatt samarbeid og turar for 42 kommunar på eitt år. Kommunane løyser dette på ulike måtar, men stort sett er det dei reisande som betaler turen medan kommunen er med og organiserer og stiller opp med helsepersonell.

– Dette med anbod er det berre nokre få kommunar som framleis driv med, få eller ingen av dei store selskapa var med å rekna på turane då dei var på anbod.

Kampen om sommarsesongen

I starten heldt Vitaltour seg til lavsesongen, haust og vår på Kypros. Men med auke i omsetnad og fleire tilsette kom ønskje om meir stabil reiseaktivitet året gjennom.

– Vi byrja med "sol og bad", altså tradisjonell charter for småbarnsfamiliar. Mange har vore med oss til Kypros også om sommaren, seier dagleg leiar Inger Berit Bøyum.

– Men høgsesongen om sommaren er spesiell, her er det dei billigaste og dyraste turane som går først. Dei som har turane i prisklassen midt imellom sit igjen og er avhengige av dårleg sommar heime i Noreg for å få fylt opp flya.

Vitaltour har vore heldig dei siste somrane, Noreg og Vestlandet har hatt mykje kaldt og vått sommarvêr. Men no overlét ikkje Vitaltour sommaren til flaks og medvind.

– Kan ikkje vera god på alt

Vitaltour kjem til å halda fram med turar til varme strøk nærmast heile året, men skygger banen i tida rundt fellesferien om sommaren. Likevel aukar dei talet på avgangar, nærmare 90 turar blir det i 2012.

Og dei vil frå i år av vera endå tydlegare i si satsing mot aldersgruppa 55 pluss.

– Dette med helse- og trivselsturar var starten vår, og det er vi god på. Sommar og sydentur for familiar er ein litt tøffare marknad. Vi fekk det til, og desse turane har på det beste utgjort ein tredel av omsetnaden vår, men vi føler for å spissa det litt, bli betre der vi er best, seier Bøyum.

– Alle er framleis velkomne til å reisa med oss, men bamseklubb og juniordisco står ikkje på menyen.

Yngre eldre

I si nye, meir definerte satsing rettar Vitaltour no fokus på vaksne. Ikkje berre pensjonistar, men også yngre eldre.

– Vi vil halda på det med tryggleik i fokus, og har blant anna alltid helse- eller omsorgspersonell på destinasjonen.

– Men målgruppa er stor og variert, eldre og yngre eldre, så vi har ulike aktivitetar og hotell ut frå interesser.

– Medan nokon vil på bingo eller seniordans vil andre på sykkeltur eller opp på ein lokal fjelltopp. Våre gjestar bestemmer sjølv om dei vil vera individuelle turistar eller delta på aktivitetar eller ekskursjonar. Det viktige for oss er å tilby god service til dei som ønskjer litt ekstra på turen.

Kundeklubb og nye reisemål

Gjengen på Vitaltour har foreløpig ikkje lagt planar for feiring av 10-årsdagen, men har unna seg ein dobbelt så tjukk katalog som tidlegare år.

I katalogen finn vi dessutan to nye reisemål, Madeira og Terracina.

Terracina er ein idyllisk småby åp vestkysten av Italia, knappe 10 mil frå Roma. Den sjølvstyrte portugisiske øya Madeira ligg 58 mil vest for kysten av Afrika, 37 mil nord for Kanariøyene.

– I tillegg til desse to nye reisemåla lanserer vi i år ein kundeklubb. Vi har mange gode faste kundar, dei får no fleire fordelar av å vera kunde hos oss, seier Inger Berit Bøyum.

Blant dei største selskapa i Os

I 2010 var det berre 14 firma i Os som var større i omsetnad enn Vitaltour AS, som fleire gongar har blitt kåra til gasellebedrift av Dagens Næringsliv.

Med 67 millionar kroner i omsetnad i 2010, deira åttande år i drift, var Vitaltour like stor som Lyssand Gartneri og Fløysand Tak - til saman.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.