Lokal | 23. juli 2014

10 gradar ned på 3 dagar

Det går mot fleire nye godvêrsrekordar i Noreg denne sommaren. Men fredag ser ut til å bli siste Syden-dag i Os på ei stund.

10 gradar ned på 3 dagar
Mobergsvika i går. (Foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 23. juli 2014 09:15

På Vestlandet var juni tørrare og varmare enn normalt, ifølgje Storm.no fekk fleire stadar 20 prosent av normalnedbøren og Bergen hadde 1,1 grad høgare temperatur enn snittet dei siste åra.

I juli har vi hatt to lange periodar med uvanleg høge temperaturar i Os, tett oppunder og rett over 30 gradar. Det ligg an til å bli ein rekordvarm juli fleire stadar i Noreg, ifølgje Yr.no.

Les òg: Fin flyt i varmen

Fredag, etter ei veke med samanhengande sommarvêr med temperaturar godt over 25 gradar på dagtid, ser ut til å bli siste tropedag i Os på ei stund.

Laurdag og søndag skal bli varm, men med litt nedbør laurdag og meir nedbør søndag.

Måndag og veka som kjem kan få dagar med sol og opphaldsvêr, men temperaturen skal går frå 26 til 16 gradar frå fredag til måndag, og heile neste veke er venta å bli med temperaturar under 20 gradar.

Sjå oppdatert og detaljert vêrvarsel for Osøyro på Storm vs Yr.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.