Studerer tilboda: Prosjekteringsleiar Markus Halland (t.v.) med prosjektleiar Sverre Ottesen, begge frå Statens vegvesen. (Foto: Geir Brekke, SVV)

100 millionar i forskjell

E39 Svegatjørn-Rådal: Fire elektro-tilbod på 300-400 millionar kroner blei godkjente av Statens vegvesen.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Torsdag blei det halde tilbodsopning for den store elektro-kontrakten til E39 Svegatjørn-Rådal.

– Oppdraget gjeld blant anna alt av lys og tryggleikssystem på vegstrekket, seier prosjekteringsleiar Markus Halland.

• Les òg: Bestiller 416 kamera og 260 nødtelefonar (anbodsopning i mai)

Tunellane får kameraovervaking i heile strekket og varslingssystem om for eksempel ein bil står i ro (hendelsesdetektering).

Det skal òg koma telefondekning og data (4G) i tunellane.

– Her er tre teleselskap saman om montering av kabel, men set opp sine eigne skap og leiger plass til dette av oss.

E39 Svegatjørn - Rådal består i hovudsak av Skogafjellstunnelen (1,5 km), veg gjennom Endelausmarka (1,1 km) og Lyshorntunnelen (9,2 km).

ABB rangert øvst

Ved opninga er det godkjent fire tilbod, mens fleire er avviste. Over 100 millionar kroner skil 1. frå 4. plassen.

Det er gjort ei vekting av tilboda fram til siste opning. Resultatet av dette gir ein konkurransesum for tilboda.

Resultatet er då slik:
1. AF ABB AS og Magnus M. Thunestvedt AS, Billingstad 327,5 millionar kroner.
2. Bravida Norge AS, Laksevåg i Bergen 351,4 millionar kroner.
3. Mesta AS Elektro, Lysaker 369,8 mill. kr.
4. Scanmatic Elektro AS, Arendal 431,9 mill. Kr.

Det blir no kontrollrekning av tilboda, så blir det laga ei innstilling på tildeling av oppdraget for elektro-arbeidet på heile E39-prosjektet mellom Bergen og Os.

– Over 20 millionar skil første- og andreplassen, så det skal ein del feilrekning til for at ikkje ABB og Thunestvedt blir innstilt. Kontrollrekninga er godt i gang. I slutten av neste veke kan vi vera klare til å senda ut innstillinga, seier Halland.

Tilbydarane får deretter ein klagefrist på 10 dagar.

– Tilbydarane har brukt mykje tid og ressursar på å rekna på tilboda, og nokre av dei som er avviste vil nok jobba med å formulera ein klage.

Det er venta at kontrakten blir skriven i løpet av oktober.

• Midtsiden samleside: E39 Svegatjørn - Rådal

Om E39 Svegatjørn - Rådal

• Vegen frå innslaget på Skogafjellstunnelen ved Svegatjørn til du køyrer ut av Lyshorntunnelen er 11,8 km.
• Strekninga er på totalt 17,7 km og skal gå som firefelts motorveg mellom Os og Fana.
• 14,7 av den 17,7 kilometer lange vegen blir i tunnel.

Mellom Svegatjørn og Rådal er 10,7 av 11,8 km i tunell:
• Skogafjellstunnelen: 1,5 km
• Lyshorntunnelen: 9,2 km
• Mellom tunellane, Endelausmarka: 1,1 km

• I Endelausmarka kjem rasteplassar, kryss til ny fylkesveg til Lysefjorden (Åsen, Lyseklostervegen fv 163), og fleire store næringsområde, blant anna Lyseparken på rundt 500 mål.
• Prosjektet omfattar også ny fylkesveg frå kryss i Endelausmarka til Åsenvegen og utbetring av eksisterande fylkesveg 163 for cirka 40 millionar kroner.
• Lyshorntunnelen (9,2 km) kjem i nord ut i Rådal, med ei kort dagsone og kryssområde på 200 meter før den går vidare i 2,2 km lange Råtunnelen. Denne kjem i fjellet vest for dagens vegsystem ved Laguneparken. Ny vegline held fram til dagens riksveg 580 sør for Troldhaugtunnelen.

• Pris 6,5 milliardar kroner (2014 prisnivå), 40/60 bompengar/stat
• Byggestart: Torsdag 3. september (1. oktober i Os) 2015.
• Antatt ferdig i 2022