Sport | 22. juli 2009

1,02 i odds

Bookmakarane er skråsikre på at Os vinn serien, og kallar haustsesongen ein formalitet.

1,02 i odds
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 22. juli 2009 10:51

Os leiar 3. divisjonsavdeling 15 med 7 poeng framfor Tertnes og 12 poeng framfor Voss. Det siste Os gjorde før sommarferien var å slå Voss 2-0 heime og Tertnes 4-0 borte.

- Os vil tilbake til 2. divisjon, og haustsesongen blir ein ren formalitet før dei viktige kvalifiseringskampane, seier oddssetjar Bjarthe Westerheim i speleselskapet Betsafe.com.

- 4-0-sigeren på bortebane over Tertnes i den siste kampen før ferien drepte all spenning i denne serien, meiner han.

Akkurat no får du rekordlave 1,02 i vinnarodds på Os hos Betsafe.com, medan dei største utfordrarane, Tertnes og Voss, gjev 12 og 40 i odds.

I mars kom Betsafe med følgjande odds på vinnar av avdelinga:
1. Hovding 2,50
2. Os 3,00
3. Voss 7,00
4. Tertnes 8,00

På spørsmål om hausten blir ein rein formalitet svarar Os-trenar Frank Hellevik bestemt "nei".

- Vi har skaffa oss eit godt utgangspunkt, men det er langt frå avgjort. Voss hadde 30 poeng og leia serien til sommaren i fjor, men starta haustsesongen med tre tap og vann ikkje avdelinga. Os rykte ned frå 2. divisjon med 30 poeng, nemner han som eksempel.

- Frå vi starta serien har vi på Os og Os 2 vore opptatt av utvikling, både av spelarar og som lag. I haust kjem vi til å fokusera endå meir på dette - skal vi rykka opp må vi vera gode nok til å spela 2. divisjonsfotball.



Os vann 10 av 11 kampar i vårsesongen, berre eit ganske toppa Løv-Ham 2 blei for sterke. Men Os har ikkje berre imponert til no.

- Vi har prestert dårleg i nokre kampar, men heldigvis vore skjerpa mot betre lag som Voss heime og Hovding og Tertnes borte. I haust ventar eg meir stabile prestasjonar, kvar kamp skal spelast som om det står mellom liv og død, seier Hellevik.

I kveld har A-laget første trening etter ferien. Os spelar første kamp i haustsesongen på heimebane mot Norheimsund laurdag 8. august.

Sjå tabell

Om Os vinn avdeling 15 blir det kvalifiseringkampar mot vinnaren av avdeling 14. Her gjev Betsafe 1,7 i odds på siger til Brann 2, 2,1 på Austevoll (som leiar avdelinga), 7 på Vadmyra og 12 på Askøy, som rykte ned frå 2. divisjon etter 2007-sesongen.

Sjå tabell for 3. div avd 14

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.