Sport | 02. juni 2010

11-3 på to kampar

Os junior elite er i siget. I går snudde dei bortekampen mot Vadmyra.

11-3 på to kampar
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 02. juni 2010 11:37

- Eg måtte gje dei ei skrape i pausen for i førsteomgang var det slett innsats, seier Øyvind Steffensen.

Os låg under 1-0 i bortekampen mot Vadmyra, men enda med å vinna 1-4.

- Det kom seg litt etter litt, og så var vi tilbake i det sporet vi stort sett har halde til no denne sesongen. Det er veldig positivt.

Sven Lyssand, som er tilbake etter skadeopphald, skåra to mål, stortalentet frå Lysefjorden, Johannes Jordal, dei to neste.

- Johannes blir berre betre og betre, det er utruleg kjekt å sjå, seier Steffensen.

11-3 i målforskjell på to kampar
Førre kamp, som gjekk på heimebane, enda 7-2 til Os. Då var det Stord som fekk kjenna på godsakene juniorlaget vårt har å by på for tida.

- Vi brukte forsvarsspelar Baste Jonassen som spiss, og han takka for tilliten med heile tre skåringar. Dei andre målskårarane våre var Stian Helland, Stian Bakke og Simen Lassen, ein annan god gutespelar.

SJÅ TABELL

Heimekamp og 3. NM-runde
Tysdag om ei veke (kl 20.00) speler Os junior elite heimekamp mot Fyllingen 1. Dei to laga ligg på 3. og 4. plass på tabellen etter 7 rundar.

Fredag 11. juni (retta, kampen er flytta frå laurdag 12) er det 3. runde i cupen, der Os, om dei slår Bjarg, er vidare til 1/8-delsfinale.

Også denne kampen går på heimebane (kl 20.00).

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.