Lokal | 29. juli 2014

13 tatt av UP

Politiet: Nasking, båt som tok inn vatn og UP tok fleire fartssyndarar i laserkontroll.

13 tatt av UP
(Arkivfoto: KVB)
Kari M. Lyssandtirsdag 29. juli 2014 08:37

Politiet fekk måndag melding om nasking frå ein butikk i sentrum.

- Ein partulje rykka ut og vi fann igjen gjerningsmannen som hadde naska med seg daglegvarer, fortel politibetjent Christine Grindstein.

Det vil bli oppretta sak på hendinga.

Politiet hadde og ein politikontroll natt til tysdag der dei kontrollerte køyretøy.

- Vi undersøkte 9 bilar men det blei ingen reaksjon på nokre av dei.

UP tok 13

UP hadde laserkontroll to stadar i Os måndag, først på Søfteland og etter det var dei på Halhjemsvegen, begge gongane i 70- sona.

- Det resulterte i 13 forenkla forelegg, 10 for fart og 3 for bruk av mobiltelefon, i tillegg var det ein som ikkje hadde på seg bilbelte, fortel politibetjent Oddvar Gandrudbakken i UP.

Høgaste fart blei målt til 100 kilometer i timen noko som gjev ein bot på 6500 kroner og 3 prikkar.

Båt tok inn vatn

I 05.30-tida tysdag kom det inn melding på 110-sentralen om ein båt på Halhjem som tok inn vatn.

- Det er ein 30 fot stor båt som tar inn vatn og vi er ennå på staden, fortel Anne Kjersti Storebø frå Os brannvesen.

Eigar hadde sjølv prøvd å lensa båten, men han måtte til slutt ha hjelp frå brannvesenet.

- Det skal koma nokon og ta båten opp på land eller få slept den til ein verkstad. Det er heldigvis ikkje noko dramatikk.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.