Lokal | 10. sep. 2015

14. september vert brusaka avgjort

Lesarinnlegg, Os Venstre: Det er no det vert avgjort. Om det skal bli bru over Bjørnafjorden eller ikkje.

14. september vert brusaka avgjort
Tappan Zee Bridge, New York (Foto: Creative Comons-lisens)
Andris Hamretorsdag 10. sep. 2015 08:41

Blir det vald eit kommunestyre med fortsatt Frp og Høyre-fleirtal vil det bli bygd bru. Så enkelt er det.

Om du heller stemmer for dei partia som tydleg har markert sitt standpunkt mot bru, vil det bli svært vanskeleg om ikkje umuleg å leggje ferjefri E39 over fjorden og tvers gjennom Os. I Norge lyttar ein til lokaldemokratiet.

Di stemme i kommunevalet 14. september kan stogge planane om asfaltstripe over Bjørnafjorden.

Mange av dei som er mot bru over Bjørnafjorden ønskjer å stemme på Os Venstre ved dette valet. Det tar vi på djupaste alvor. Vi starta motstanden mot bru då Glenn Erik Haugland og Os Venstre skipa til møte i Øyane hausten 2012. Os Venstre har heldt oppe motstanden, og er stadig på hogget for å drive brukameratane frå skanse til skanse.

Takka vere vår motstand er den mest skånsomme ilandføringa på Os-sida den einaste mulege løysinga for ei eventuell bru. Problemet er berre at det finnst inga skånsom løysing. Planprogrammet som vart lagt fram like før sommaren var heilt klar på dette. Områda ferjefri E39 eventuelt må forsere gjennom Os er enten «svært sårbare eller svært viktige», stod det svart på kvitt i Vegvesenet sitt utkast.

Det er mange rykter og påstandar om kva som er realitetane i brusaka. Heller ikkje vi som har vore innvolvert i brusaka sidan 2012 kan påstå at vi veit absolutt alt. Men nokre av rykta er det ikkje vanskeleg å ta hol på:

«Brua vert ikkje bygd i vår tid».

- For to år sidan lova statsministeren byggjestart i 2018 og ferdig ferjefri E39 innan 2022. Det er berre 7 år til. Seinast no laurdag lova Erna Solberg ein stor tiltakspakke. Vegar og bruer skal byggast for å sikre sysselsettinga på Vestlandet. Brua kan kome før ein veit ordet av det.

«Vi har ingen ting vi skulle ha sagt»

- Det er ikkje sant. Os kommune skal i kommande kommunestyreperiode ta stilling til reguleringsplan for Ferjefri E39. Får vi ei sammansetting av kommunestyret som er mot bru, kan heile reguleringsplanen avvisast. Sjølvsagt har vi noko vi skulle ha sagt. Du har noko du skulle ha sagt. Med stemmeseddelen!

«Vi kjem ikkje til å merke noko til brua»

Vi kan love alle osingane ein ting: Ein motorveg med 6 linjer over Ulvenvatnet og gjennom Kuven der bilane kjem susande i 110 kmt vil merkast. Ei bru der tungtrafikken skal opp over 60 meter over fjorden i toppfart vil også merkast. Alle som bur nær sjøen veit kor godt lyden bærer. Det vert aldri meir ein stille dag eller natt for alle som bur ved Bjørnafjorden. Men verst blir det for naturen. Eit samferdselsprosjekt av slike dimensjonar vil måtte føre til store inngrep.

«Det er avgjort, løpet er kjørt»

- Brusaka er langt frå avgjort. Stortinget har enno ikkje fått sagt sitt. Ingen veit om regjeringa faktisk har fleirtal for denne saka i Stortinget. Venstre si stortingsgruppe har ikkje konkludert og følger spent med på kva osingane seier ved valet mandag 14. Osingane kan sende eit kraftig signal ved bruk av stemmeseddelen!

Mange har tatt kontakt med oss dei siste vekene. Mange er opprørte over all propagandaen og halvsanningane som blir framførd av menn i mektige posisjonar. Sanninga er at folk i Hordaland heller vil ha ein sikker E16 mellom Bergen og Voss enn luftslott over Bjørnafjorden i følgje ei undersøking gjennomført av NRK. Til og med veljarane til FrP og Høgre vil prioritere andre vegprosjekt enn bru over Bjørnafjorden.

Bru over Bjørnafjorden er eit eliteprosjekt drive fram av nokre få topppolitikarar. Vi i Os Venstre lar oss ikkje blende av retorikken, vi vel å lytte til folket.

«Eg støttar dåke. Eg er i mot denne bruo over Bjørnafjorden». Det er ikkje få som har sagt dette til oss dei siste åra, også dei siste dagane vi har stått på stands. Når vi seinare i samtalen spør enkelte kva dei vil stemme, kan dei finne på å svare Søviknes. Vi forstår alle som føler at dette er eit trygt og velkjent val, men saka er at stemmer du Søviknes så stemmer du samstundes for bru. Stemmer du FrP eller Høgre stemmer du for bru over Bjørnafjorden og då kan alt skje.

Jon Sivert Rykkel
Ordførarkandidat, Venstre

Glenn Erik Haugland
2. kandidat, Venstre

Astrid Dale
5. kandidat, Venstre

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.