Kristoffer Østervold skårte hat-trick for tredje gong denne sesongen. Eitt av måla er årets mål (så langt) på Edne (foto: Andris Hamre)

15 minutt med fyrverkeri

Foran 150 ekstatiske tilskodarar varta 10 Lyseklosterspelarar med eit fyrverkeri av ei avslutning med årets mål, hat-trick og 4-3 siger over Brann 2.

image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
Av: Andris Hamre

– Dette var ein massiv siger. Eg er sinnsykt stolt og imponert over gutane som henter fram alt dei har. På slutten der har vi fem mann med krampe, men dei gir seg ikkje. Dei spring til det stoppar heilt opp, oppsummerar ein svært glad og letta Lysekloster-trenar Ruben Hetlevik etter kampen.

Lysekloster - Brann2 4-3 (1-1)
Målskårarar, Lysekloster
: 3 x Kristoffer Østervold, Denis Ljubovic
Raudt kort (2 gule): Tshizang'S-Kapinga Brazy
Lysekoster sitt lag: Frode Moberg Øvredal, Tshizang'S-Kapinga Brazy, Joakim Helland, Denis Ljubovic, Espen Birkeland, Hans-Christian Nysæther, Martin Pedersen, Thorvald Trætteberg, Ole Thomas Herrem, Kristoffer Østervold, Vladan Radojkic
Innbyttarar med speletid: Durim Muqkurtaj, Tommy Gaustad, Ken-Joar Føyen, Marius Sivertsen, Håkon Kvittingen

Sjå tabellen 

Mål etter to minutt

Allereie etter to minutt var Kristoffer Østervold frampå og førte heimelaget i leiinga. Målet kom etter at Martin Pedersen kom rundt på venstrekanten, frå dørlinja la han inn framfor mål, kor Østervold flikka ballen forbi Brann-keeperen.

Med Lyseklosterpublikummet var ikkje lenge i himmelen. Berre tre minutt seinare fekk gjestane frispark frå omlag 20 meter. Lyseklosterforsvaret klarer ikkje rydda opp etter innlegget og gjestane utligna til 1-1. Eit resultat som held seg ut omgangen, men vertane anført av ein meget god Hans-Christian Nysæther burde hatt eit par mål til.

Fekk raudt kort

Omgangen blei også prega av at Kapinga Brazy fekk sitt andre gule kort etter 39 minutt, i ei periode kor gjestane satsa tungt på overgangar.

– Eg visste at ein av oss før eller seinare kom til å løpa seg tom, så vi blei eininge om å starta i 4-4-1 for så å legge om til 5-3-1 når det skjedde. Diverre måtte Radojkic ut med eit kutt i hovudet etter eit lite kvarter, så då la vi om allereie då, forklarar Hetlevik.

To ganger bak

Før det hadde Brann rekt å ta leinga 1-2 etter at ein upressa Fantoft får skyte frå 18 meter, ballen duppar foran Frode Øvredal i mål og snik seg under han.

Men Lysekloster hadde ikkje tenkt å gje seg og kom på den eine overgangen etter den andre. Etter 61 minutt blir Østervold spelt gjennom av Trætteberg og gjer inga feil. Kontant set han ballen i lengste hjørnet.

Så er det Brann igjen som går i føringa etter eit frispark frå 17 meter, dei fleste på Edne meinte at Lysekloster burde hatt frispark i ein tilsvarande situasjon berre halvminuttet tidlegare, men dommaren dømde fordel.

Årets mål

Berre minuttet etter at Brann går opp i 2-3 kjem det som må vera årets mål på Lysekloster Framo Idrettspark. Lysekloster kjem til innlegg. Kristoffer Østervold tek sats og brassesparkar innlegget rett i mål. Østervold har truleg aldri floge så høgt nokon sinne før. Med skåringa fekk han sin tredje hat-trick denne sesongen.

No er det Lysekloster som køyrer kampen. Først har Herrem ei kjempesjanse, før Lysekloster får frispark med berre eitt minutt att av ordinær tid. Ballen blir slått inn foran mål, Muqkurtaj headar på mål, men Brann-keeperen gjer ei god redning før Denis Ljubovic er på rett plass og set inn returen til ellevill juble frå dei 150 på tribunen.