Kultur | 04. jan. 2017

155 ungdomar inntok Catten

Jule- og nyttårshelga blei svært vellykka for Catten Nightclub, også for det nye, rusfrie tilbodet.

155 ungdomar inntok Catten
Det blei to-tre timar med fullt dansegolv då Catten inviterte til rusfritt ungdomsball i romjula. (Privat foto)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 04. jan. 2017 09:06

Frå midten av november la Catten Nighclub opp til eit tettpakka program fram til nyttår, med fleire konsertar, julejam, nyvinninga «silent disco» og to ulike ungdomsarrangement, det eine for dei under 18 år.

– Andre juledag hadde vi 18 års aldersgrense, og maksgrense 25 år, noko eg trur ungdomen sette pris på. Vi hadde godt med folk, langt over hundre inne, og berre éin som var for gamal og ikkje kom inn, fortel eigar og dagleg leiar Bjarte Andersen.

– Han var ein far som skulle ned og henta, og følte seg først uglesett. Men då vi forklarte om opplegget lo han godt og fann seg i å venta ute.

155 på rusfritt ungdomsdiskotek

Tredje juledag var det ungdomsball på Catten for første gong. Allereie før dørene opna merka Andersen at det var bra interesse.

– Folk kontakta meg for å høyra om dei skulle pynta seg, om dei kunne kjøpa billettar på førehand og om dette var ein trygg plass å senda ungdomane. Nokre foreldre ville oppom og helsa på då dei leverte, og det var heilt ok.

Heile 155 ungdomar kom på «Catten 15-18», i alle aldrar frå 14 til 17 år.

– Det var 2,5 timar med fullt dansegolv, mykje aktivitet med bordtennis og alle oppførte seg veldig fint. Vi hadde éi jente som vi nekta inngang, då det såg ut som om ho hadde drukke før ho kom, elles såg alle ut til å forstå at dette var ein rusfri kveld.

«Catten 15-18» held fram med fleire arrangement gjennom året, neste er «Afterski Teen Party» onsdagen i vinterferien.

To kveldar med kø

Også dei fleste kveldane som var opne for vaksne var vellykka.

– Julejammen blei fin, med fleire flinke artistar på scenen, men hadde fortent eit litt større publikum.

– Første juledag var det heldigvis ein del som hadde fått med seg at vi hadde mista den siste timen med skjenking, så dei kom tidleg. Dei første gjestane kom 22.30, og vi hadde fleire periodar med kø.

• Les òg: – Kunne ha skjenka til 3 alle dagar

– Sjølv om kvelden starta tidleg og vi hadde fullt hus, hadde vi fleire tusen kroner lågare omsetnad enn i 2015. Det blei dyrt å ikkje få skjenka til 3, slik vi vanlegvis gjer, så vil vil prøva å unngå å hamna i same situasjon jula 2017.

Vesle nyttårsaftan var det konsertar på Nore Neset, Peppes og Ole B, der til saman over 900 hadde kjøpt billettar. Det blei ein roleg kveld på nattklubben, med unntak av ein ambisiøs kameratgjeng på karaoke.

– Nyttårsaftan tok det av igjen. Då hadde vi delt opp nattklubben i to, med 18 og 20 år som aldersgrense, og fullt hus og fleire periodar med kø, fortel Andersen.

I januar blir danseavdelinga stengt grunna litt oppussing og oppgradering av lyd- og lysanlegg, mens resten er ope frå torsdag til laurdag med quiz, som hadde rekord i romjula, spelekveld fredag og livemusikk laurdagane.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.