Sport | 14. jan. 2018

16 mål betre enn sist

... men sigeren glapp mot Åsane på heimebane.

16 mål betre enn sist
Emilie Hjertnes Halhjem skåra eitt mål i dag. (Arkivbilde frå tidlegare kamp mot Åsane, foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 14. jan. 2018 19:51

Tre dagar før jul tapte Os heile 40-22 borte for Åsane. Etter ferien løfta dei seg og tapte med berre to mål for serieleiar Gneist, i dag leia dei til pause i nok eit oppgjer mot Åsane.

Os leia i starten, hamna under 5-8, men henta seg inn igjen og leia 11-10 etter halvspelt kamp.

Leiinga tok dei med seg sju minutt ut i andre omgang, då sto det 13-13.

Laga følgde kvarandre, og det sto 18-19, 21-22 og 22-23, men gjestane fekk det siste målet.

Os - Åsane 22-24 (11-10)
Målskårar, Os: Line Hjelle Berentsen 7, Liv Pauline Lunde 4, Hilde Kristine Røttingen 3, Irmelin Lund 3, Thiet Dang 3, Emilie Hjertnes Halhjem 1 og Emma Lyssand 1.

Os speler dei to neste kampane på bortebane neste helg. Kampane går mot Oslo Studentenes IK og Oppsal 2.

Neste heimekamp går søndag 11. februar mot Rælingen 2.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.