Lokal | 04. mai 2018

17. mai her?

Vil du trakka utpå her med finsko og bunad, eller er det på tide å flytta 17. maiarrangementet ein annan plass i sentrum?

17. mai her?
Slik ser kyrkjeflaten ut fredag 4. mai (foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Andris Hamrefredag 04. mai 2018 08:17

Bildet i denne saka er tatt fredag formiddag. Dei store nedbørsmengdene som kom før vinteren sette pregar framleis plenen på Kyrkjeflaten.

– Har de tenkt å laga 17. maifest på dette?

– Tja, vi veit ikkje heilt. Eg har også sett på det, vi kjenner til at det er mykje overvatn der, svarer medlem av 17. maikomiteen, Kjetil Osablod Grønvigh frå kultureininga i Os kommune.

– Eg har diskutert det fleire gongar med gartnarane i kommunen. Problemet er at Kyrkjeflaten er dårleg drenert, så når det kjem regn så forsvinn ikkje vatnet vekk. Det blir liggande og vi må få opphaldsvêr og varme for at det skal fordampa. Problemet er faktisk større enn dei dammane du ser, om lag halve Kyrkjeflaten er blaut.

Byrjar å bli trong

Eit anna moment 17. maikomiteen har sett på er at plassen byrjar å bli i minste laget i forhold til dei auka folkemengdene som samlar seg her på nasjonaldagen.

– 17. maiarrangementet er sjølvsagt noko vêravhengig, men dei siste åra har vi nok vore mellom 3000 og 5000 samla til talar, song og underhaldning. Det gjer at vi byrjar å nærma oss det maksimale av kva plassen klarer med tanke på sikkerheit.

– Vi har formlar og rekneark vi nyttar for å berekne desse tinga, og dei viser at vi nærmar oss maksgrensa.

Har alternativet klart

Grønvigh fortel at dei har vurdert fleire ulike alternativ til kyrkjeflaten.

– Vi har sett på, og rekna på både Os sentrum og den øvre skuleplassen ved Os ungdomsskule, men desse har ikkje kapasitet ut frå tryggleiksomsyn.

– Ein plass som er stor nok er grusplassen mellom kyrkja og prestegarden. Denne har vi som plan-b om vi ikkje får vêrgudane med oss og vi finn at vi må flytta arrangementet.

– Vi har allereie gjort naudsynte førebuingar med tanke på infrastruktur og liknande, mellomanna har vi avtale med sanitetsforeninga om leige av toaletter i inngangen til Kløvertun på 17. mai.

– Om vi flyttar arrangementet er det vêrmeldingane framover som avgjer. Vi treng nokre gode dagar med tørt og varmt vêr for å kunne nytta kyrkjeflaten. Hadde 17. mai vore i morgon, så hadde vi vore på grusplassen.

– Ei endeleg avgjerd vil vi ta seinast i midten av neste veke, avsluttar Osablod Grønvigh.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.