18 tatt på Søfteland
18 bilførarar blei tatt då UP hadde kontroll ved Søfteland skule torsdag. MC-føraren i Lysefjorden skadd i ryggen.
Rundt skuleslutt torsdag tok ei patrulje frå UP oppstilling på E39 ved Søfteland skule.
– Dei hadde ein kontroll frå 1230 til 15 i går. Det resulterte i at elleve fekk forenkla forelegg for ulovleg bruk av mobiltelefon og sju fekk gebyr for ikkje å ha brukt bilbelte, fortel politioverbetjent Audun Hadler-Olsen ved Os lensmannskontor.
Føraren skadd
Rett før klokka 16 kolliderte ein bil og MC på Sperrevikvegen i Lysefjorden.
– Der fekk føraren skader i ryggen som gjorde at han blei innlagt på Haukeland.
– Veit de noko om årsaka til ulykken?
– Det er den same føraren som er ført opp som mistenkt. Truleg har den køyrd inn i bilen. Kva som er grunnen er uvisst. Det vil bli forsøkt av dekka i den vidare oppfølginga av saka, seier politioverbetjenten.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Last ned Midtsiden-appen idag
No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.
- Gratis å lasta ned
- Bli varsla straks noko skjer
- Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.