Lokal | 08. juli 2017

19 åring fyllekøyrde

Ein bilførar (19) blei stoppa i Lysefjorden etter tips frå publikum. Alkometeret gav utslag.

19 åring fyllekøyrde
Alkometeret gav utslag då 19 åringen blåste i natt (arkivfoto: Andris Hamre)
Andris Hamrelørdag 08. juli 2017 07:45

Ti over halv eitt i natt fekk politiet tips frå publikum om ein bil som kom køyrande over Fanafjellet mot Lysefjorden.

– Patrulja rykte ut og stoppa bilen ved Ole B i Lysefjorden, fortel operasjonsleiar Frode Kolltveit ved Vest Politidistrikt.

Patrulja fatta fort mistanke om at den 19 år gamle sjåføren, som ikkje har registrert adresse på Os, køyrde med promille.

– Mistanken blei styrka då alkometeret gav utslag på staden. Han blei difor teke med til legevakta på Os for blodprøve.

– Patrulja beslagla førarkortet, bilen blei parkert og sak oppretta, seier operasjonsleiaren.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.