Gustav Bahus og Nils-Anders Nøttseter er to av dei du får nyttår kan få til å via deg (foto: Andris Hamre)

19 vigslarar å velja mellom

Planlegg du eit spektakulært bryllup? No har du nok av vigselfolk å velja mellom, her er lista over alle.

Av: Andris Hamre

Frå 1. januar tek kommunen over oppgåva med borgeleg vigsle frå domstolane. Ordførar Marie Bruarøy (H) og varaordførar Laila Marie Reiertsen (Frp) er gjennom lova allereie gitt vigselmynde.

I kommunestyret tysdag skulle kommunestyret velga andre kommunale representantar som skulle gjevast den same mynde til å via brudepar.

I sakframlegget var rådmann Christian Fotland, kommunalsjef Line Rye, kommunalsjef Aina Tjosås og kultursjef Lisbeth Axelsen foreslege.

– Det er også slik at folkevalde kan gis vigselsrett, men det må vedtakast med namn i kommunestyret, fortalde ordførar Marie Bruarøy, som sjølv allereie har fått fleire vigslar på blokka dei kommande månadane.

13 melde seg

Å få lov til å vie folk var tydelegvis populært blant kommunepolitikarane. Heile 13 av dei folkevalde seg ønska å stå på lista du no kan velja frå.

Eit samrøystes kommunestyre gav vigselrett i Os kommune til følgjande personar:

  • Marie Bruarøy (H - ordførar)
  • Laila Marie Reiertsen (Frp - varaordførar)
  • Christian F. Fotland (Rådmann)
  • Line Rye (kommunalsjef)
  • Aina Tjosås (kommunalsjef)
  • Lisbeth Axelsen (kultursjef)
  • Gustav Bahus (Frp)
  • Eirik Andre Hesthamar (Frp)
  • Marianne Neumann Hjelle (Frp)
  • Jonn Garvik (Frp)
  • Sonja Vernøy Hansen (Frp)
  • Kristine Tikkanen (Frp)
  • Jan Helge Korneliussen (TVS)
  • Terje Sperrevik (TVS)
  • Glenn Erik Haugland (V)
  • Bjørn Terje Bøe (MDG)
  • Nils-Anders Nøttseter (MDG)
  • May Brit Haringstad (H)
  • Emil Tetlie Brimsholm (H)

Ordføraren blei samstundes gitt fullmakt til å utarbeida rutinar for vigsel og for å utarbeida gebyr som skal dekkje meirkostnadar for vigslar utanfor vanleg arbeidstid, i helger, utanfor rådhuset og for brudepar der ingen er busett i kommunen.