
2 bilar - 12.000 kroner
Av: Kjetil Vasby Bruarøy Onsdag, september 1, 2010 - 15:52
Tidlegare i dag tok vi turen innom Statens vegvesen sin kontroll i Os sentrum. I første halvdel blei 361 bilar kontrollerte, her blei 16 gebyr skrive ut.
No har vi fått full rapport frå dagen, som også har hatt ein innbringande periode i Industrivegen.
Her blei 176 bilar kontrollert, noko som resulterte i 24 gebyr til 19 bilførarar og 5 passasjerar.
• I to ungdomsbilar sat samtlege fire utan belte, kvar person blei ilagt 1.500 kroner i gebyr.
• Éin blei stoppa med falske oblat. Bilen blei avskilta og førar meldt til politiet.
• Éin bilførar har tatt vinteren på forskot, bilen hans hadde piggdekk.
Kommentarer
Tips midtsiden.no
Kjetil Vasby Bruarøy + 47 90 78 92 70
Andris Hamre +47 47 90 61 11
© 2012 midtsiden.no