Kultur | 11. sep. 2014

200 år på Øyro

Visste du at Os hadde eigen brusfabrikk på 1920-talet? Laurdag markerast Kulturminnedagene 2014 med ei utstilling på Os Folkebibliotek som tar ein på ei 200 års reise på Øyro.

200 år på Øyro
Øyvind Gjerde og Kristin Bøe frå Kultureininga i Os kommune saman med biblioteksjef Elisabeth Bochkon Tøsdal viser fram litt av utstillinga "200 år på Øyro" (Foto: Kari M. Lyssand)
Kari M. Lyssandtorsdag 11. sep. 2014 11:48

Bildeserie:

Skøytene har endra seg litt frå Sigmund Søftelands tid og fram til dagens Os-skøyteløpar Sverre Lund Pedersen. (KML)
Skøytene har endra seg litt frå Sigmund Søftelands tid og fram til dagens Os-skøyteløpar Sverre Lund Pedersen. (KML)
Dette skapet frå M.K Olsen inneheldt mange godsaker for dei som vaks opp på 50- talet. (KML)
Dette skapet frå M.K Olsen inneheldt mange godsaker for dei som vaks opp på 50- talet. (KML)
Dette 100 år gamle kameraet virker endå. (KML)
Dette 100 år gamle kameraet virker endå. (KML)
1 av 3
Skøytene har endra seg litt frå Sigmund Søftelands tid og fram til dagens Os-skøyteløpar Sverre Lund Pedersen. (KML)
Dette skapet frå M.K Olsen inneheldt mange godsaker for dei som vaks opp på 50- talet. (KML)
Dette 100 år gamle kameraet virker endå. (KML)

I september arrangerast kvart år Kulturminnedagene rundt om i Europa. I Noreg er det mellom 200-300 arrangement over heile landet. I år er temaet "Den store reisen - 200 års samfunnsutvikling".

– Vi har valt å laga utstillinga "200 år på Øyro" med vekt på tre hovudpunkt: Korleis budde dei, kva levde dei av og kven er dei, fortel Øyvind Gjerde frå Kultureininga i Os kommune.

Saman med Kristin Bøe held han no på med dei siste førebuingane til utstillingsopninga fyrstkomande laurdag på Os Folkebibliotek.

Skifabrikk på Øyro

Øyvind og Kristin har laga sju store plakatar som visar ulike tidsepokar i Os sentrum, både gjennom bilder og tekst. I tillegg har dei utstilt ulike gjenstandar som viser utviklinga frå 1814 og fram til i dag.

Norvald Kobbeltvedt har låna dei ulike gjenstandar frå gamlestova på Hauge og frå kommunen si samling finn ein mellom anna eit par ski frå Hjelle skifabrikk som stod der Best stasjonen står i dag.

– Vi har fått låne skøytene til Sigmund Søfteland som var med i OL i 1952 og 1956 frå Sølvi Søfteland, og så har vi fått skøyter frå Sverre Lunde Pedersen.

Snopeskap frå M.K Olsen

Blant andre gjenstandar ein får sjå er ein stol laga på 60-talet på Bahus-fabrikken og eit glasskap som tidlegare har stått på den gamle M.K Olsen butikken.

– I dette skapet hadde dei snop og etterbarberingsvatn, så her vil det vekke gode minner for dei som vaks opp på 50-talet og stor med nasa inntil glaset, fortel biblioteksjef Elisabeth Bochkon Tøsdal.

Det vil òg blir utstilt ulike redskapar frå dei forskjellige epokane både utstyr til å lage tresko, garn til ulike lyskjelder.

Flyttbar utstilling

– Utstillinga er flyttbar, så etter at utstillinga er over på bilbioteket 13. oktober så ønsker vi at skular og instutisjonar i Os som kanskje ikkje har moglegheit å koma her skal kunne låne utstillinga, fortel Kristin.

På opningsdagen har kultureininga invitert musikarar til å framføra kvar sine vers av Ossongen i ulike sjangarar.

– Hans Marius Johnsen og Even Hjertaas er nokre av dei som kjem og det blir både pop, hardrock, visesang og klassisk i ei framføring.

Biblioteket tar fram det dei har av lokallitteratur som ein kan få låna med seg.

– Vi ønsker å skapa interesse for lokalhistoria og synest det er viktig å visa korleis ting har vore, kva som framleis er her og korleis vi har det no.

Her kan du sjå og høyra Mari Lyssand framføra 200 år av Ossoga 17. mai 2014

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.