22 millionar til hamn og bubilparkering
Frp/H vil bruka éin million på bubilparkering ved hamna og 21 millionar over tre år til skjerming av Os hamn.
Bildeserie:
Etter det heller mislykka forsøket med ein duvande bølgjebrytar i enden av Oseanamoloen har politikarane lært.
I budsjettframlegget til dei to posisjonspartia, Frp/H, har dei lagt inn 7 millionar i kvart av dei kommande tre åra til bølgjedemparar i Os hamn. Totalt 21 millionar kroner.
– Potensialet for å utvikla hamna er stort.
– Vi ønskjer å gjera Os hamn til ein av dei største utfartshamnene, men vi ber om at skjerminga blir skikkeleg kvalitetssikra.
– Difor ber vi om at dei tekniske løysingane med oppankring blir kvalitetssikra av to forskjellige fagmiljø før vi set i gang, fortalde ordførar Terje Søviknes (Frp), då han presenterte investeringsplanane i formannskapet.
Lukkast ein å "temma" Bjørnafjorden trur dei to partia at dette vil tilføra ny aktivitet og handel på Osøyro.
Bubilparkering på Haugsneset
Ein annan ting som kan skapa aktivitet er bubilparkering på Haugsneset.
– Vi set av 1 million til dette.
– Vi ser for oss ei lita utfylling ved molofestet og etablera ei sirkelforma bubilparkering.
– Ein må nok òg oppgradera arealet litt med beplanting og liknande.
– I tillegg må det førast fram straum og vi må sjå på moglegheiten for ein tømmestasjon for septikk, forklarte Søviknes.
Betaling for å nytta bubilparkeringa ser ein for seg å gjera med automatar på same måte som ein gjer i gjestehamna.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Last ned Midtsiden-appen idag
No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.
- Gratis å lasta ned
- Bli varsla straks noko skjer
- Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.