Kultur | 22. mars 2017

220 000 statlege kroner til Oseana

Private gåver på 880 000 kroner utløyser 220 000 kroner i tillegg frå kulturdepartementet si gåveforsterkingsordning.

220 000 statlege kroner til Oseana
Oseana får 220 000 kroner får kulturdepartementet (foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Andris Hamreonsdag 22. mars 2017 09:06

8,7 millionar kroner kjem i tilskot frå kulturdepartementet til kulturinstitusjonar i Hordaland fortel stortingsrepresentantane Helge Andre Njåstad (Frp) og Ove Trellevik (H) i ei pressemelding.

– Det er positivt for kulturlivet i Hordaland at staten går inn og forsterkar der også private bidreg, seier Njåstad.

– Denne ordninga er noko regjeringa innførte i 2014 og har som hensikt å gjera kulturlivet sterkare, meir uavhengig og sikra maktspreiing, supplerar Trellevik.

Til kunstkurator og drift

15 kunst- og kulturverksemder i Hordaland nyt godt av ordninga i 2017, blant dei Oseana Kunst og kultursenter som mottek 220 000 kroner i gåveforsterking basert på pengegåver på tilsamman 880 000 kroner frå Grieg Foundation og Alutec AS.

Gåvene skal nyttast til kunstkuratorstillinga og kulturhusdrifta heiter det i tildelinga.

Museer og kulturhus som får pengegåver frå private givarar kan søkje kulturdepartementet om statleg gåveforsterking på 25 prosent. Det er satt av 51,1 millionar kroner til ordninga inneverande år. Ordninga omfatta opprinneleg museer, men blei i 2016 utvida til å omfatta fleire områder av kultursektoren mellom anna musikk, litteratur og scenekunst, visuell kunst og kulturbygg.

Dei øvrige mottakarane i Hordaland er: Teaterdrift Bergen, Bymuseet i Bergen, Granvin herad, Museumssenteret i Hordaland, Bergen Nasjonale Opera, Stiftelsen Musikkselskapet Harmonien, Nattjazz, KODE Kunstmuseene i Bergen, Stiftelsen Bergen Sjøfartsmuseum, Bergen Kunsthall, Baroniet i Rosendal, Museum Vest, Festspillene i Bergen og Vossa Jazz

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.