Annonse

Annonse

midtsiden

24 ladepunkt, berre 7 bilar

Torsdag opna dei første offentlege ladepunkta for elbilar i Os. Med 24 ladepunkt for 7 elbilar i Os blir det ikkje trangt om plassen.

Av: Andris Hamre Torsdag, september 9, 2010 - 14:19

Os kommune saman med Hordaland Fylkeskommune og BKK har den siste tida arbeida med å etablere ladepunkt for elbilar i Os.

Torsdag var det offisiell opning av to av ladepunkta på Os vidaregåande skule.

- Det er vel omtrent like mange ladepunkt som det er elbilar i Hordaland, opna varafylkesordførar Tom-Christer Nilsen med før han plugga i den medbrakte Toyota Prius Plug-in hybriden.

24 punkt på offentlege bygg
Dei 24 punkta er alle plassert på offentlege bygg, anten på kommunen eller fylkeskommunen sine. Sjå liste nederst i saka.

- Eg har kjørd gassbil i mange år, men gjekk ikkje til innkjøp før eg var sikker på at eg kunne få fylla lokalt, seier ordførar Terje Søviknes som håper han vil sjå ei oppblomstring av elbilar i bygdo.

- Det eineste eg er litt bekymra for er at dei går så stille at det er vanskeleg å høra dei når dei kjem.

Vurderer elbil
Os kommune har starta arbeidet med ein klima- og energiplan med ei gradvis vriding mot fornybar energi.

Vil kommunen no kjøpa inn elbilar?

- Vi har hatt ein diskusjon på det og det står på lista som eit av fleire moglege tiltak i klima- og energiplanen, fortel Søviknes.

Amfi Os først ute
Varafylkesordføraren oppfordra dei lokale kjøpesentra til å òg etablere ladepunkt.

- Vi har allereie to punkt i drift, fortel senterleier Anne Kristine Tøsdal ved Amfi Os.

Dei to ladepunkta på Amfi Os blei etablert i januar i år, men har ikkje vore mykje i bruk i følge senterleiaren.

Halvannan time ladetid
Elevane ved elektro på Os vidaregåande var med på opninga torsdag. Noko av det dei naturleg nok var opptekne av var kor lang tid tek det å lade bilen og kor langt kan den køyre?

Senioringeniør Bengt Otterås frå BKK kunne stolt visa fram ein av tre Toyota Prius Plug-in Hybrid som finns i Noreg.

- Denne bilen er ein hybrid mellom elektrisk og fossilt drivstoff. Han ladar på halvannan time, men òg når har køyrer, fortalte Otterås.

- Det fine er at du berre kan sette deg inn og køyre avgarde. Bilen styrer sjølv om den skal bruke elektrisitet eller bensin, dermed slepp du å være redd for å bli ståande, forklara han.

Her finn du ladepunkta på Os
Amfi Os (2)
Os Gymnas (2)
Os Vidaregåande skule (2, 2 til kjem)
Luranetunet (4)
Nore Neset skule (2)
Os ungdomsskule (4)
Osbadet (2)
Rådhuset (2)
Søfteland skule (2)
Søre Øyane skule (2)

 

Tips midtsiden.no

Kjetil Vasby Bruarøy + 47 90 78 92 70
Andris Hamre +47 47 90 61 11

 
Hjem

Ansvarlig redaktør: Kjetil Vasby Bruarøy.
I redaksjonen: Andris Hamre.
TIPS OSS PÅ MOBIL/SMS/MMS:
+ 47 90 78 92 70
+ 47 47 90 61 11