Lokal | 21. juni 2016

25 tatt med laser på Lepsøyvegen

Ein av dei som blei stoppa mangla førarkort og mange køyrde for fort då UP hadde ei lang økt mellom Thuen og Solbakken.

25 tatt med laser på Lepsøyvegen
På dette strekket av Lepsøyvegen er det mange som slit med å halda fartsgrensa. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 21. juni 2016 07:29

Utrykningspolitiet var måndag tilbake på Lepsøyvegen, der dei også tidlegare har tatt mange fartssyndarar i 50-sona frå Thuen mot Solbakken.

– Det er notert at dei sto frå klokka 12 til 17 og skreiv ut 25 forenkla forelegg, fortel politioverbetjent Audun Hadler-Olsen.

Høgaste fart blei målt til 67 km/t, noko som kvalifiserer til 4200 kroner i forelegg og 2 prikkar på førarkortet.

I tillegg var det ein bilførar som ikkje hadde førarkort. Os lensmannskontor har ikkje mottatt informasjon om kjønn og alder på vedkomande.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.