Lokal | 10. feb. 2016

28 av 34 har kome seg vidare

Kommunen sitt krav om aktivitetsplikt for sosialhjelpsmottakarar gjev resultat.

28 av 34 har kome seg vidare
Emil Tetlie Brimsholm (H) er nøgd med resultata etter at ein innførte aktivitetsplikt for sosialhjelpsmottakarar (foto: Andris Hamre)
Andris Hamreonsdag 10. feb. 2016 14:37

I ein interpellasjon i kommunestyret i februar 2014 stilte Emil Tetlie Brimsholm (H) spørsmål om ikkje kommunen burde innføra aktivitetsplikt for unge sosialhjelpsmottakarar. Saka blei følgd opp juni, same år. Då hadde i tillegg regjeringa sendt ut eit høyringsnotat om det same. Framlegget til vedtak om å innføra aktivitetsplikta blei innfør med Frp/H sitt fleirtal på 19 røyster.

I tenesteutvalet tysdag ba Brimsholm, som etter valet 2015 har blitt leiar av utvalet, om å få ein status på om innføringa hadde gitt resultat.

Kommunalsjef Nils-Petter Borge kunne fortelja at det hadde det gjort.

– Av 34 deltakarar som har fått vedtak er 28 av dei avklart med anna inntekt.

Desse fordelar seg på følgjande måte: 9 har fått fast arbeid, 7 har fått arbeidspraksis i ordinær virksomhet, 6 har blitt avklart og søkt om arbeidsavklaringspengar, 6 er søkt inn på AMO-kurs gjennom NAV, 6 er avslutta/uavklart, 1 er framleis i aktivitetsplikt.

Av deltakarane var 17 av dei under 26 år.

Pliktig frammøte to dagar i veka

Av orienteringa Borge gav kjem det fram at deltakarane i prosjektet hadde pliktig frammøte to gonger i veka. Målet med ordninga frå NAV si side har vore

1. Styrke stønadsmottakarnes moglegheiter for å komme i arbeid og verte sjølvforsytt. Auka bruk av ordinært arbeidsliv som tiltaksarena.
2. Gje tilbod om deltaking i NAV sine arbeidsretta tiltak.
3. Betre avklaring mellom arbeidssøkjar og ein potensiell arbeidsplass.
4. Utvikla tenesta i samsvar med ny § 20 lov om sosiale tenester.

Gjennom deltakinga har det blitt jobba målretta med kartlegging av alle deltakarar. Ved individuelle samtalar har ein fokus på deltakaren sine moglegheiter og ein har laga plan saman for korleis nå målet om auka aktivitet/arbeid.

Oppfølging og samtalar med deltakarane om ordinært arbeidsliv har vore prioritert. I mangel av arbeidsplassar har det imidlertid vore naudsynt å bruke statlege tiltak, heiter det i orienteringa frå NAV.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.