Lokal | 22. juli 2009

28 timar i strekk

Takka vera effektiv innsats då vêret var bra klarte Bård og kameratane å nå Nordkapp til planlagt tid. På det meste rodde dei 28 timar i strekk.

28 timar i strekk
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 22. juli 2009 21:08

Bildeserie:

1 av 5

- Vi tok ikkje tissepause ein gong. Dei 28 timane var den lengste samanhengande etappen på turen, men vi fekk heldigvis fleire lange etappar siste stykket, seier Bård Alfred Monsen til midtsiden.no.

Ganske nøyaktiv ved midnatt kom dei i mål i oselvaren "Stine", og i natt søv dei på golvet i naustet til fiskaren som frakta dei tre roarane frå Nordkapp til Honningsvåg.

- Så det blei ikkje rett på hotell altså?

- Nei, vi får lata komforten koma gradvis. Men det var godt med ein dusj då vi kom fram, første dusjen sidan Bergen for fire veker sidan.

Les òg: Tok ei natt i Os

Mottatt av blitsregn
Nøyaktig 34,5 døgn etter at turen starta i Lindesnes kom dei Bård, Vegar og Tor fram til Nordkapp. I tillegg til fiskaren som venta sto det mykje folk på Nordkapp-platået.

- Det er ein høg vegg frå platået og ned i havet, men vi kunne sjå at det blei blitsa mykje då vi kom. Sjølv om vi har fått ein del mediaomtale var nok ikkje dette folk som hadde kome for å sjå oss nå målet, dette var truleg turistar på busstur frå eit av cruiseskipa, trur Bård.

Rekk bryllaupet
Tor var den einaste av dei tre som hadde noko han måtte rekka desse vekene i slutten av juli. Førstkomande laurdag skal han nemleg i bryllaup til ein kamerat.

- Akkurat dette var eit lite stressmoment på turen, og det var nok med på at vi sto litt ekstra på då vêret var bra.

Men midt i den lengste etappen blei Vegar sjuk.

- Han var slapp og uvel magen, hadde nok fått eit virus. Men eg og Tor rodde medan han låg, så det gjekk bra.

- Dessutan passa det bra at vi i enden av etappen kom fram til hytta til far til Tor. Her tok vi det med ro i tre dagar, den lengste pausen på turen og nok til å få Vegar opp på tofta igjen.

- Kor tid skjønte de at de kom til å klara dette innan rimeleg tid, og utan å senda Tor i bryllaup før turen var ferdig?

- Vi skjønte det eigentleg ikkje før midt på dagen i går, då vi høyrde vêrmeldinga for resten av dagen og siste etappe. Vêret avgjorde alt på denne turen, seier Bård Alfred Monsen, 10 kilo lettare enn då han sette seg i "Stine" på Lindesnes.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.