Lokal | 10. aug. 2017

280 på venteliste

Desse studieretningane ved Os vgs har lengst kø.

280 på venteliste
Os vidaregåande skule. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 10. aug. 2017 07:32

Tredje og siste inntaksomgang før skuleåret 2017-2018 var tysdag 8. august.

Les òg: Tal for Hordaland og liste over karakterkrav per gymnas

Ved Os vidaregåande skule er det ledig plass på nokre få studieretningar - og lange ventelister på fleire andre.

– I alt har vi 280 på venteliste, fortel rektor Johan Henrik Lassen.

Ambulansefag VG2 har åleine 84 på venteliste, over 80 av desse hadde studiet som førsteval. Dei som har fått plass har alle over 5 i karaktersnitt.

Anleggsteknikk VG2 (landslinje) har 74 på venteliste. Her har over 70 dette som førsteval og alle som har kome inn har over 4,1 i snitt.

– Elektro og dei ulike helse- og omsorgsfaga har òg lange ventelister og høge karakterkrav, seier Lassen.

Sjå liste lengre nede i artikkelen.

Desse plassane er ledige

Os vgs har, trass lange ventelister til dei fleste studieretningane, nokre ledige plassar på enkelte retningar.

– Sal, Service og tryggleik VG2 har 5 ledige plassar, det same har transport og logistikk VG2.

Jamt på bygg - auke på TIP

Interessa for Teknisk indistruell produksjon (TIP) gjekk ned etter at oljeprisen stupte for to år sidan. Os vgs kutta ut ein klasse, men no er retninga på veg opp igjen.

Innan byggfag har det jamna seg ut, men det er framleis kø for å koma inn.

Det er framleis stor interesse for helsefaga.

Elevar på venteliste - per fag:
Ambulansefag VG2: 84
Anleggsteknikk VG2: 74
Elektro: 25
Helsefagarbeider VG2: 18
Helse- og omsorg VG1: 14
Bygg- og anleggsteknikk VG1: 13
Helse, barne- og ungdomsarbeidar VG2: 11

Kan mista plassen

Ledige plassar ved skular utanfor Bergen blir tildelte ved å kontakte skulane direkte etter skulestart, skriv Hordaland fylkeskommune.

Rektor Johan H. Lassen understreker at det er viktig å møta opp første skuledag.

– Om ikkje du møter første dag mister du i utgangspunktet plassen. Vi ringer dei som eventuelt ikkje stiller, får vi ikkje svar første døgn går plassen til den første i køen.

– Det hender at elevar ikkje stiller første dag, men det er heldigvis ikkje vanleg. Vi har òg svært få som fell frå, 3,8 prosent var talet førre skuleår.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.