Lokal | 20. sep. 2017

29 millionar til bruer

Fylkeskommunen vil setja av 29 millionar til bruer og 18 millionar til Åsen-Helleskaret.

29 millionar til bruer
Fylkeskommunen vil bruka 4 millionar på Strønebrua - og 10 millionar på denne brua over Baronselva ved Holt. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Andris Hamreonsdag 20. sep. 2017 07:51

Fylkeskommunen har nyleg sendt ut forslag til investeringsprogram for fylkesvegnettet 2018-2029 til kommunane og andre interesserte.

I det omfattande programmet, med vel 9,9 milliardar kroner i investeringar og 6,1 milliardar i drift og vedlikehald i perioden 2018-2029, dryp det òg litt på fylkesvegane i Os.

– Dette er det første investeringsprogrammet for fylkesvegnettet i Hordaland, og representerer eit nytt verktøy for langsiktig planlegging av drift, vedlikehald og investeringar på fylkesvegane. Investeringsprogrammet skal innføre porteføljestyring for å velje og vedta dei «rette» prosjekta og tiltaka, heiter det i innleiinga til investeringsprogrammet.

Strøno, Lepsøy og Osøyro bru

I forslaget ser fylkeskommune for seg blant anna å setta av 40 millionar kroner i året til ruste opp bruer og kaier i Hordaland.

Tre av desse bruene er i Os kommune.

• Strøno, FV 160: 4 mill (2018)
• Lepsøysundet, FV158: 3 mill (2018) + 12 mill (2019) = 15 mill
• Osøyro, FV 552: 10 mill (2020)

– No kjenner eg ikkje detaljane i planene frå fylkeskommunen, men slik eg har forstått det etter å ha snakka med dei, så er det snakk om generelt vedlikehald på dei tre bruene, seier Aina Tjosås, kommunalsjef for samfunnsutvikling i Os kommune.

18 millionar til Åsen-Helleskaret

Fylkeskommune, Os kommune og grunneigarar har tidlegare inngått avtale om ei finansieringsløysing for fylkesvegarmen frå Lyseparken til Lysefjorden.

Under vedtekne prosjekt skriv fylkeskommunen følgjande om FV. 161 Åsen - Helleskaret:

– Reguleringsplan fylkesveg mellom Åsen og Helleskaret er vedteken av Os kommunestyre 20.5.2008. Planen gjeld ei 1300 meter ny vegstrekning med to felt som vert tilkomstveg frå Søvika/Helleskaret til den nye E39. Vegen vil og kunne binde saman bustadområda ved Lysefjorden og industriområdet i Endelausmarka. Planen inneheld separat gang- og sykkelveg, kryss og ny tilkomstveg med fortau til bustadområdet Hellebakkane. Vegen vil avlaste noverande fv. 161 og fv. 163.

Totalt foreslår ein å setta av 18 millionar kroner fordelt på 9 millionar i perioda 2018-21 og 9 millionar i perioda 2022-25.

Spleiselag (?) på Hegglandsdalsvegen

Også gang- og sykkelvegen langs Hegglandsdalsvegen (FV 137) frå Hauge til Vallebrua blir omtalt under programområde "Gang- og sykkelveg" i investeringsprogrammet.

– Det er stort behov for tiltak på ei strekke på vel 900 meter frå Fv. 552 Hatvikvegen, og fram til Valle bru på Fv. 137 i Hegglandsdalen. Os er eit regionsenter og ein tettstad. Det er ønskeleg å stimulere til at fleire vel å gå eller sykle. Kostnadsanslaget på 36 mill. kr er for stort til å kunne ta heile prosjektet på programområda. Det er sendt søknad om midlar frå ordninga om statleg tilskot til auka sykkelbruk for dette tiltaket. Kommunen skal vedta reguleringsplan for ny grunnskule i området, og det vil komme ein skuleveg. Det er dialog med Os kommune om eit spleiselag for prosjektet. Med eit tilskot frå kommunen kan det vere mogeleg å gjennomføre tiltaket under programområdet for «Mindre utbetringar (spleiselag)» og «Gang- og sykkel». Prosjektet er under prosjektering.

Hatvikvegen 2. prioritet

Det er ei todelt prioritering av kva strekningsvise utbetringsprosjekt fylkeskommunen ønskjer å prioritera på det overordna fylkesvegnettet, kor dei med prioritet 1 er særskilt viktig å rusta opp i neste 12 årsperiode.

Hatvikvegen frå Osøyro til Hatvik ferjekai og vegen vidare i Fusa ligg som prioritet II og er soleis ikkje prioritert høgast, men fylkeskommunen seier dei kan bidra i spleiselag med fylkeskommunale midlar i perioden, dersom det er økonomisk rom for det og ikkje minst lokal tilslutning.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.