Annonse

Annonse

(Privat arkivfoto)

3. plass til Olav Skogen

Olav Skogen har halde fram med suksess i svingane etter den gode sesongstarten, med blant anna 3. plass i FIS-renn førre veke.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy Tirsdag, januar 10, 2012 - 12:09

 

Alpinisten og NTG-studenten Olav Skogen (17) frå Os fekk ein fjorårssesong prega av skade.

Årets sesong starta han sesongen bra med 7, 10, og 15. plass under sesongopninga på Geilo i desember, førre veke sto 6 nye FIS-renn på Oppdal for tur, 4 i slalåm og 2 i storslalåm.

I storslalåm kjørte han ut i det eine løpet, fekk 14. plass i eitt og 8. plass i eit anna.

Men Olav tok også ein fin 3. plass bak lagkameratane frå NTG på Geilo, Håkon Knudsen og Olav Kronborg.

Sjå resultatliste (fis-ski.com)

I storslalåm blei det ein 26. plass med solif betring av FIS-poeng (64 poeng), noko som gjer at Skogen får vesentleg betre startposisjon i komande renn.

Komande helg reiser Olav som ein av 20 norske alpinistar til Sverige for å delta i to FIS-renn (slalåm).

Dette blir Olav sine første FIS-renn utanlands.

 

 

 

Tips midtsiden.no

Kjetil Vasby Bruarøy + 47 90 78 92 70
Andris Hamre +47 47 90 61 11

Relaterte saker: 
 
Hjem

Ansvarlig redaktør: Kjetil Vasby Bruarøy.
I redaksjonen: Andris Hamre.
TIPS OSS PÅ MOBIL/SMS/MMS:
+ 47 90 78 92 70
+ 47 47 90 61 11