Sport | 19. sep. 2016

300 mil med tilbakeblikk

Kva sit Patrik, Jon og Trygve igjen med av minne og lærdom etter å ha gått Noreg på langs?

300 mil med tilbakeblikk
Patrik, Jon og Tryve har vore heime i tre veker no - og det blir ikkje nokon ny langtur med det første. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 19. sep. 2016 13:29

Bildeserie:

I trening i mars, to månadar før avreise. (Foto: KVB)
I trening i mars, to månadar før avreise. (Foto: KVB)
Ved avmarsj frå Nordkapp i mai.
Ved avmarsj frå Nordkapp i mai.
Jon og Trygve ved Lindesnes 103 dagar seinare.
Jon og Trygve ved Lindesnes 103 dagar seinare.
Naturopplevingar - Noreg på langs. (Privat foto)

Gutane set òg pris på alle folka dei har møtt på turen.
Gutane set òg pris på alle folka dei har møtt på turen.
– Neste tur skal vi setja av meir tid til fiske! seier Patrik.
– Neste tur skal vi setja av meir tid til fiske! seier Patrik.
1 av 15

Laurdag 21. mai starta Patrik Søreide frå Bergen og osingane Jon Espevik og Trygve Berentzen på den 300 mil lange turen frå Nordkapp til Lindesnes.

100 dagar seinare var Patrik i mål, mens Jon og Trygve brukte tre dagar ekstra grunna reinsdyrjakt og kom til Lindesnes onsdag 31. august.

– Eg kunne ikkje veta kor lenge dei ville jakta, og hadde sambuaren min på besøk, så vi gjekk saman til Hovden og så gjekk eg ned Setesdalen åleine, seier Patrik.

– Dette med 100 dagar brydde vi oss ikkje om, det var heilt tilfeldig.

Dei tre kameratane hadde sett av 16 veker til turen og brukte litt over 14.

Blei trøtt av å koma heim

Tre veker har gått etter heimkomst og dei tre har fått smaka på det å vera tilbake i meir stabile, stasjonære og komfortable kvardagar.

– Det eg sakna mest var å ta ein dusj om morgonen, seier Jon.

– Og det å veta at du ikkje skal gå mange mil i morgon, skyt Patrik inn.

– Kva saknar de frå turen?

– Frisk luft, det å vera ute heile dagen, seier Trygve.

Han fortel at han, trass god søvn på turen og stort sett rolege morgonar, merker at han blir trøtt på ein annan måte når han no er heime og i jobb igjen ved meklarkontoret. Jon, som hadde fri dei første vekene etter turen, innrømmer at han søv 12 timar kvar natt den første veka etter at han kom heim.

– Glad for alt vi har sett

Dei tre har ført logg frå turen med fyldig referat og mange bilde (norgetilfots.no). Førebels treng dei ikkje sjekka nettsida for å hugsa kva som var dei beste opplevingane.

Jon nemner Troms og områda rundt Narvik nord i Nordland og Sulitjelma lengre sør i fylket som spesielt vakker. Jotunheimen blir nemnd som mest spektakulær, men her var ikkje vêret på topp, noko som speler inn på korleis naturopplevinga blir hugsa.

– Hardangervidda er også fantastisk fin, seier Trygve, som fekk god tid på stiane på Vidda under den resultatlause starten på reinsdyrjakta.

– Stabbursdalen nasjonalpark i Finnmark gjorde òg inntrykk, fortel Patrik, og legg til at alle folka dei har møtt, som har vore så utadvendte og interesserte i turen, har vore med på å gjera turen til ei god oppleving.

– Vi veit jo frå før at vi bur i eit fint land, men vi føler oss heldige som har fått sjå så mykje av Noreg, bådenatur og små bygder som vi elles aldri ville kome på å besøka, seier Trygve.

Overraskande knirkefritt

Når du går så langt at goretexjakken ikkje lenger er vanntett, så har du hatt mange timar utandørs. Skjegget grodde, myggen stakk, beinar verkte - neste dag var det nye mil som skulle tilbakeleggast.

– Då betennelsen i beina mine var på det verste så følte eg meg temmeleg sikker på at eg ikkje ville klara å fullføra, seier Patrik.

Men med salve, litt meir kvile og ved å ta noko meir omsyn nokre dagar klarte han å gå det av seg. Også dei andre hadde vondt her og der, likevel ser dei tilbake på turen som enklare enn dei hadde trudd før avreise.

– Det var sikkert mykje som kunne gått gale, men 100 dagar på tur gjekk overraskande knirkefritt. Det gjorde vondt av og til og spesielt om morgonen var vi støl, men alle gjennomførte og kom seg uskadd frå nord til sør.

Men det tar tydelegvis tid å «jogga sen ned» frå ein tur på 300 mil.

– Vi er faktisk framleis litt støl, spesielt etter å ha vore i ro, for eksempel etter ein lengre køyretur.

Dette lærde dei av turen

Dei hadde brukt mykje tid på å førebu seg, både ved å lesa om andre sin tur og ved å snakka med ulike fagfolk.

Det var heller ikkje noko dei mangla på turen.

– Skulle vi gått ein gong til så ville vi nok ha pakka litt lettare, seier Trygve.

– Det var no godt å ha ein campingstol òg, seier Jon, mens dei andre ler.

– Vi ville òg ha lagt opp til skifte av både sko, ytterklede og telt halvvegs på turen. Når du ikkje får tatt skikkeleg vedlikehald, og bruker utstyret kvar dag over så lang tid, så mister det både pusteeigenskapar og vannmotstand.

Dei tre har òg lærd ein del om søvn og mat.

– Har turen gjeve dykk eit nytt perspektiv og noko nytt forhold til det å vera utandørs?

– Vi har stifta betre kjennskap til DNT og det enorme tilbodet dei har til folk som liker å gå korte og lange turar. Eg kan i alle fall for min eigen del seia at eg kjem til å nytta med endå meir av DNT sine hytter i åra som kjem, seier Patrik.

– Blir det nokon ny tur med det første?

Dei tre ser mistruisk på kvarandre og ler av spørsmålet.

– Ikkje med det første og ikkje i tre månadar i alle fall, kjem det rimeleg unisont.

– Om de skulle tatt 1/3 av turen på nytt, kva del av turen ville det vore?

– Til Troms med kano og fiskeutstyr. Vi fekk lite fisk i starten og tok oss etterkvart lite tid til å fiska. Om kveldande ville vi ha mat og koma oss i soveposen, om morgonane ville vi slappa av og eta før avmarsj. Men ein tur med mindre gåing og meir fiske er vi nok snart klare for.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.