Lokal | 19. mai 2017

379 nye osingar på 3 månadar

Folketalet i Noreg veks seint. Folketalet i Os veks fort.

379 nye osingar på 3 månadar
Kven er tilskodar og kven går i tog? Folketalet i Os held fram med å auka. Her er bilde frå då årets 17. maitog gjekk gjennom sentrum. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 19. mai 2017 13:19

Hausten 2016 passerte Os kommune 20.000 innbyggarar, i inngangen på 2017 var vi 20.152.

I dag kom statistikken for første kvartal 2017, og den viser at folketalet i Noreg auka med berre 8.829 innbyggarar.

• Les òg: Den låge folkeveksten held fram (SSB.no)

Mens folketalet i Noreg auka med berre 8.800 kom det 379 nye innbyggarar i Os.

Av desse er det:
• 69 nyfødde
• 310 tilflyttarar (35 av dei frå utlandet)

Same kvartal var det 33 som døydde og 189 som flytta ut av Os (13 av desse til utlandet), men folkeveksten blei på 145 innbyggarar.

Kvart år sidan 2010 har folketalet i Os auka med over 400 innbyggarar i året. Rekorden til no er 2015, då var veksten over 600 for første gong, med ei auke i folketalet på heile 645 innbyggarar (mot 410 i 2016).

Innbyggartalet i Os kommune 31. mars i år var 20.297.

• Sjå desse topp 5-listene om folketalet i Os frå 1951-2011

• Video, sjå forskjellen på 50 år: Flyfoto av Os frå 1966 og 2016

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.