Næringsliv | 17. nov. 2014

39 nye bustadar på Lekven

25 er under bygging, fredag la Bøe & Lepsøy Utvikling ut 14 nye.

39 nye bustadar på Lekven
Fredag var det salsstart på Lekven 2 trinn 2, med 14 leilegheiter. Lekven 2 trinn 1, med 25 husvære, i bakgrunnen.
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 17. nov. 2014 08:54

Bildeserie:

I Lekven 2 trinn 1, som er under bygging, er det berre 6-7 bustadar igjen.
I Lekven 2 trinn 1, som er under bygging, er det berre 6-7 bustadar igjen.
Fredag blei 2-3 av 14 i trinn 2 reservert.
Fredag blei 2-3 av 14 i trinn 2 reservert.
I Hjellemarka ser det no sånn ut i B5 og B6. Her kjem snart B9 for sal, med 16 nye hus. (Foto: KVB)
I Hjellemarka ser det no sånn ut i B5 og B6. Her kjem snart B9 for sal, med 16 nye hus. (Foto: KVB)
1 av 3

Mens Bygg Concept bygger 30 nye leilegheiter nede ved Lekvenvågen, der dei første har innflytting i desse dagar, la Bøe & Lepsøy Utbygging fredag ut Lekven II byggetrinn 2.

– Trinn éin er under bygging, der har vi berre 6-7 igjen av 25 totalt, fortel administrerande direktør Steinar Jensen.

I trinn 2 er det 14 leilegheiter i éi lågblokk, 2- og 3- roms frå 44,5 til 55,5 kvm. Prisane startar på 1.790.000 kroner.

– Allereie då vi la husværa ut for sal i dag blei det reservert to, kanskje tre, sa Jensen fredag.

Nye trinn også på Søfteland

I tillegg til aktiviteten på Lekven selte BLU eitt husvære i Hjellemarka på fredag. Også der blir det jobba med neste trinn.

– Felt B5 er ferdig, i felt B6 har vi bygging av både første og andre trinn.

Neste trinn er felt B9. Der er det 16 bustadar i to leilighetsbygg, kvart på to etasjar.

– Tomta ligg på eit høgdedrag på høgresida tidleg etter innkjøring frå nord i feltet. Høgdedraget går litt på skrå så vi har derfor terrassert feltet med to bygg så vi følgjer terrenget, forklarer Jensen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.