3D-visning gav problemar søndag. (Illustrasjonsfoto frå barnefilmfestivalen tidlegare i haust: Andris Hamre)

3D-krøll for Bygdekinoen

3D-visninga av Løvenes konge blei ikkje den opplevinga publikum håpa på. Utstyret svikta.

Av: Andris Hamre Mandag, januar 23, 2012 - 14:54

Søndag hadde Bygdekinoen to visningar i Oseana Kunst- og kultursenter. Varg Veum sin siste film i 2D og Løvenes konge i 3D.

I samband med framsyninga av Løvenes konge oppsto det problem med 3D utstyret som gjorde, etter det Midtsiden kjenner til, at fleire forlot salen.

- Både vi og Bygdekinoen er svært leie oss for at mange ikkje fekk den opplevinga dei forventa, seier kulturhusvert Janne Mari Hjelle.

- Bygdekinoen har utfordringar med å vise 3D- filmar i ein så stor sal med utstyret dei har.

I følgje Hjelle forklarar Bygdekinoen at utfordringane går både på sjølve 3D-brilla, lysforholda i salen, sendaren av signal og kvar publikum sit i salen.

Vil finne løysing

Bygdekinoen arbeidar no med løysingar som skal gjere kinoopplevingane betre.

-Oseana og Bygdekinoen har ein tett dialog for å sjå korleis ein kan løyse desse utfordringane, slik at publikum skal vere garantert ei god kinooppleving.

- Vi kjem ikkje til å ha fleire 3D- visningar før vi har funne løysingar som fungerar tilfredsstillande, seier Hjelle som håpar å kunne tilby noko ekstra på neste kinosøndag. 

-5. februar skal vi vise den fantastiske barnefilmen ”Ariettas hemmelige verden” i 2D, og der blir det ”noko attåt” for både små og store, sponsa av Oseana og Bygdekinoen, avsluttar Hjelle som på vegne av Bygdekinoen er lei for problema søndag.

Det er Bygdekinoen som stillar med filmar og utstyr på kinosøndagane medan Oseana syter for lokale og billettsal.

Tips midtsiden.no

Kjetil Vasby Bruarøy + 47 90 78 92 70
Andris Hamre +47 47 90 61 11