Kultur | 25. sep. 2017

40 konsertar på 5 månadar

Med brød og «sirkus» har Bosse og Hanne blitt blant dei største kulturtilbydarane i bygda.

40 konsertar på 5 månadar
Bjørn «Bosse» Sigurjonsson og kona Hanne Hansen har hatt travle og kjekke fem første månadar med konditori og musikkbar. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 25. sep. 2017 10:38

Kombinasjonen var noko kreativ, «kaker og øl», og ambisjonane var høge; livemusikk kvar fredag og laurdag.

Men drift av konditori og kafé på dagtid, og det å by på variert, levande musikk kvar einaste helg, har fungert bra for Hanne’s Konditori & Musikkbar i Brugata.

• Bildeserie: Hanne’s opna i dag

– I starten var musikkbaren ein naudsynt del av drifta, for å få totalen til å gå opp. I dag har konditori og kafé bygd seg opp til å stå på eigne bein, seier Bjørn «Bosse» Sigurjonsson.

• VIDEO: Første helg på musikkbaren

Bosse og Hanne gifta seg i sommar, ikkje så mange veker etter dei i slutten av april opna den nye kafeen og utestaden i Os.

– Det har vore travelt, og vi får fleire bestillingar enn eg hadde venta. Fleire kaker og ein god del fleire snittar, i tillegg er det godt sal av bakervarer i kafeen, seier Hanne, glad for at ho har med seg nokon på deltid i bakeriet, men førebudd på at ho snart òg må tilsetja ein bakar.

Liv på scenen tre dagar i veka

24 helger har gått sidan start. Med unntak av rundt fem fredagar har Hanne’s bydd på livemusikk to kveldar i veka sidan opninga i slutten av april.

No er det òg jam kvar torsdag.

– Dei første månadane var det hektisk og vanskeleg å få tak i nok band, ingen kjente plassen og få kjente meg. Eg skuldar lokale musikarar ei stor takk, dei har stilt solo og dei har sydd saman mannskap til eit band, fleire gongar på dugnad, for å redda kvelden.

No treng ikkje Bjørn leita lenge for å finna band lenger.

– Eg får omtrent dagleg epost frå band og musikarar som ønskjer å spela her. Breidda har dessutan vore stor, frå keltisk musikk på harpe til jazz, blues, pop og hardrock.

– Det er også mykje variert i vente, lover Bosse.

To omgangar med KIVI

I vekene som kjem er det tett med ulike band klare for å spela på Hanne’s. Til helga står Do Lado og Papaslide på scenen, i oktober kjem KIVI.

– Osingane er heilt ville etter KIVI, og vil gjerne kjøpa billettar på førehand. Men vi sel berre i døra, eg vil ikkje risikera at folk med billett sit lenge på vorspiel, så står vi her med halvtomt lokale lenge etter at bandet har gått på scenen.

Musikkbaren har berre plass til 80 gjestar. Drivarane er avhengige av covercharge og godt besøk for å dekka inn det å ha så rikt tilbod på livemusikk.

KIVI frå Os låg på 1. plass på Norsktoppen i 13 veker i slutten av 80-talet, og er no i sving igjen.

– KIVI kjem òg til oss i jula, dagen før veslenyttårsaftan speler dei opp til romjulsblues. Førjulsblues blir det òg, men den kjem helga før julaftan. Då har vi Per Skotheim og Boys in the Band på scenen to kveldar på rad.

Før den tid gler Bosse seg blant anna til å by på trekkspelduoen Håvard Svendsrud og Øivind Farmen og Verdsmannen Thorbjørnsen.

– Svendsrud og Farmen er blant dei framste trekkspelarane i Noreg. Dei startar litt tidleg på kvelden, så eldre også kan få dei med seg. Så entrar Verdsmannen Thorbjørnsen scenen etterpå, han er frå Årdal, ein skikkeleg entertainer!

Hanne har halde på etternamnet sitt etter at ho gifta seg. Det mest morosame samantreffet i haust er at Baker Hansen kjem for å spela hos konditor Hansen.

Vurderer å starta sportsbar

I tida som kjem kan det bli fleire kveldar med ope på musikkbaren. Nyleg fekk drivarane nemleg installert projektor og lerret. Det fekk Bosse innom tanken på å starta sportsbar.

– Eg held på å undersøka, og forhandla med, både nettleverandør og dei som sel lisensane du treng for å visa Premier League og Champions League.

– Det er kostbart, men det er likevel mogleg at vi prøver å få til noko, seier Leeds-supporteren.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.