Lokal | 19. juli 2014

400 meter med oljesøl

Bil slo hol i bunnpanna og sølte olje i Kuhnlevegen. – Bilføraren var heldigvis av det vakne slaget og varsla oss, fortel brannsjef Stein Gjøsund.

400 meter med oljesøl
Brannsjef Stein Gjøsund. (Arkivfoto: KVB)
Andris Hamrelørdag 19. juli 2014 13:10

Ein uheldig bilist slo hol i bunnpanna på bilen på den eine fartsdumpen i Kuhnlevegen.

Resultat: Ei 400 meter lang stripe med olje på asfalten.

– Bilføraren var av det vakne slaget og varsla oss sjølv.

– Vi rykte ut og fekk lagt på absorberande stoff for å få det vekk, fortel brannsjef Stein Gjøsund.

Kunne blitt glatt

Hadde ikkje bilføraren sagt ifrå kunne det fort resultert i nye uhell. Olje på asfalt blir nemleg fryktelig glatt.

– Alle har eit lovmessig krav på å seie ifrå når slike ting skjer, men det er langt frå alle som gjer.

– Her hadde vi heldigvis med ein som gjorde det, seier Gjøsund, som håper andre tek lærdom av den uheldige bilføraren.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.