Torbjørn Sandmo var innom over 40 låtar på 5-6 minutt. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

42 låtar i eitt drag

What are Words-framsyninga besto av musikk og dans. (Foto: KVB)
Danselærar Patricia Langeland leia flokken. (Foto: KVB)
9. klassingane sjarmerte og imponerte. (Foto: KVB)
150 elevar var på scenen. (Foto: KVB)
Flinke solistar. (Foto: KVB)
Flott kor. (Foto: KVB)
Torbjørn kan også spela cello. (Foto: KVB)
Det heile er arrangert av musikklærar-ekteparet Terje og Anne Leni. (Foto: KVB)

VIDEO: Niandeklassingane imponerte og sjarmerte med framsyninga "What are Words" måndag kveld, der vi blant anna fekk sjå ein svært tettpakka medley.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy Tirsdag, januar 17, 2012 - 12:03

– No skal vi spela to songar med fire akkordar, sa Sivert Egge Drange før bandkompis for kvelden, Torbjørn Sandmo, varsamt viste dei fire akkordane. 

Så drog dei på, Sivert på tangentar og vokal, Jone F. Kuven på gitar (solo) og Torbjørn på vokal og gitar.

The Axis of Awesome har originalen til den svært samansette medleyen av ein haug halvnye og gamle hit-ar.

SJÅ VIDEO NEDST I ARTIKKELEN

– Dei er så flinke og det er så utruleg kjekt å sjå kor mykje enkelte talent gjer ut av det når dei får litt rom, seier danselærar Patricia Langeland.

Måndagens show, What are Words, er eit resultat av musikk- og danseundervisinga til elevane i 9. klasse ved Os ungdomsskulane.

Musikkundervisinga er det ekteparet Anne Leni Søfteland Sæbø og Terje Neset som står for.

– Vi har øvd sidan skuleåret starta, to timar kvar måndag. Denne framsyninga har vore veldig kjekk å ha som mål med undervisinga, seier Neset.

Fleire talent

150 elevar var med på scenen. Rektor Kåre Lutro takka elevane for at dei viste denne sida av seg sjølv og støtta kvarandre gjennom øving og framsyning.

– Samstundes er det ein del veldig flinke ungdomar her, musikalske talent som verkeleg burde vurdera å satsa endå meir på musikk eller dans.

Nytt show før vinterferien

– Vi har gjort tilsvarande med elevar på Nore Neset og Søfteland i mange år, men dette er første gong vi gjer med Os ungdomsskule, seier Terje Neset.

Han og Anne Leni har hatt fleire framsyningar i Fjellheim, men då med fleire skular. 

– Blir det show med dei to andre ungdomsskulane også dette skuleåret?

– Ja. Vi hadde med Søfteland i haust og skal ha med Nore Neset veka før vinterferien. Dei som kjem på Nore Neset kan blant anna sjå fram til å oppleva ein veldig god gitarist, røper Neset.

Sjå video

Midtsiden hadde dessverre misforstått klokkeslettet for starten på showet, og gjekk derfor glipp av fleire flotte innslag.

Men i videoen under kan du sjå 12 minutt av dei 3-4 siste innslaga. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Trykk nedst i høgre hjørne på filmruta for fullskjermvising.

Tips midtsiden.no

Kjetil Vasby Bruarøy + 47 90 78 92 70
Andris Hamre +47 47 90 61 11