Sport | 08. sep. 2014

449 medlemmar første dag

Energi Trening Os, som opna laurdag, har fått ein dobbelt så god start som budsjettert.

449 medlemmar første dag
Energi Trening opna i Irisgården laurdag. (Foto: Silje Lepsøy, Varde Studio)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 08. sep. 2014 07:32

Bildeserie:

Energi har både apparat og lause vekter. (Foto: Silje Lepsøy, Varde Studio)
Energi har både apparat og lause vekter. (Foto: Silje Lepsøy, Varde Studio)
Denne skjermen skal, til faste tider, leia grupper gjennom ei sveitt økt. (Foto: Silje Lepsøy, Varde Studio)
Denne skjermen skal, til faste tider, leia grupper gjennom ei sveitt økt. (Foto: Silje Lepsøy, Varde Studio)
På opningsdagen blei det like mykje kos som trening. (Foto: Silje Lepsøy, Varde Studio)
På opningsdagen blei det like mykje kos som trening. (Foto: Silje Lepsøy, Varde Studio)
Ein av garderobane. (Foto: Silje Lepsøy, Varde Studio)
Ein av garderobane. (Foto: Silje Lepsøy, Varde Studio)
Du kan låsa deg inn sjølv, men du treff også denne gjengen på senteret 7 dagar i veka. (Foto: Silje Lepsøy, Varde Studio)
Du kan låsa deg inn sjølv, men du treff også denne gjengen på senteret 7 dagar i veka. (Foto: Silje Lepsøy, Varde Studio)
1 av 5

Laurdag fekk Os sitt fjerde treningssenter (femte, om vi tel Sprek Express som eige senter), då Energi Trening Os opna i Irisgården.

Energi er med sine 800 kvadratmeter Os' nest største, og har før opning fått langt fleire medlemmar enn venta.

– Vi hadde budsjettert med 200, personleg hadde eg håpa på 300, fortel innehavar Fritz Warncke.

– Men i god tid før opning passerte vi 400 og laurdag kveld talte vi 449 medlemmar. Dette er langt betre enn venta og målsetnaden for kva vi skal ligga på ved årsskiftet 2014-2015 er oppjustert.

God timing

På opningsdagen laurdag var det folksamt i Hamnevegen. Oselvarfestivalen samla folk til båtbygging og kapproing og treningssenteret fekk mange innom på besøk.

Også Kom deg ut-dagen søndag, med turløype forbi Irisgården, var med på å føra til godt besøk.

– Vi var heldig med timinga på opningsdagen og vi har fått utruleg fine tilbakemeldingar. Vi er veldig stolte av senteret.

– Eg har inntrykk av at ordføraren i Os stiller opp på alt mogleg, og ville ikkje hefta han med ein invitasjon, men jaggu kom han innom han òg, det var kjekt.

Nesten ferdig

Det nye senteret framstår som fint og ferdig, men ikkje alt blei klart natt til laurdag.

– Det står ein del jobb igjen på handikaptoalettet og vi har ein stor modul, eit «bur» med mange øvingar på, som ikkje har kome enno.

Men garderobane med låsbare skap er på plass. Låsane, som lystrar medlemskortet, er ikkje programmerte.

Spinsal med skjerm som skal fungera som instruktør er på plass, også her gjenstår noko programmering.

– Og så er skjermane i mosjonsavdelinga montert så tett av vi får kjøpa ein skjerm til, så alle får underhaldning medan dei trener kondisjon, seier Warncke.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.