Lokal | 31. jan. 2015

50 framleis utan straum

Fleire husstandar i Os har no vore straumlause i over eit døgn.

50 framleis utan straum
ill.foto: KVB
Kari M. Lyssandlørdag 31. jan. 2015 09:20

Straumbrot fleire stadar i Hordaland har gjort det travelt for BKK det siste døgnet.

Les òg: 1700 var utan straum og Sendte elevane heim.

– No er det rundt 700 husstandar som framleis er utan straum, cirka 50 av desse er i Os kommune, fortel kommunikasjonsrådgjevar i BKK Nett, Anne Mette Tuvin.

Det er kombinasjonen tung og våt snø som har falt på linjene og velta tre som er hovudårsakene til alle straumbrota.

Set opp aggregat

I Os fortel Tuvin at det er kundar i Hegglandsdalen og Gåssand/Hatlelia som framleis er straumlause.

– Det var håp om å få det retta seint fredag kveld, men det fekk vi ikkje til.

– No skal vi prøve å etablere eit aggregat i Gaassand-området og vi håper at straumen skal vera tilbake i løpet av dagen.

Ver varsam

I tillegg til Os jobbar BKK med å retta straumbrot i Bergen, Samnanger, Osterøy og Gulen.

På BKK sine sider åtvarar dei mot å vera borti linjer som har falt på bakken då desse kan vera straumførande.

Kjem du over ei slik linje ber BKK deg kontakta dei på telefon 05 123.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.