Sport | 26. apr. 2009

6-1 i første NM-runde

Preben Borgen skåra to av måla då Os junior elite knuste Fyllingen i første NM-runde.

6-1 i første NM-runde
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 26. apr. 2009 21:41

Laurdag reiste Os junior elite til nye Varden Amfi for å kjempa seg vidare i NM. Fyllingen sitt juniorlag spelar også i elite, og Os stilte med juniorar frå A-laget.

- Vi har tett dialog med A-trenarane, og fekk lov å bruka juniorspelarane frå seniornivået. Det var ein stor glede å sjå kor fin fotball dei spelte, og kor kjekt dei hadde det i denne kampen, seier juniortrenar Øyvind Steffensen.

2-0 til pause
Preben Borgen lobba den første skåringa opp i krysset etter flott forarbeid av Martin Eidsvik. Det andre målet var sette midtstoppar Dani A. Bergstø inn etter corner. Bergstø sin appetitt framfor motstandarane sitt mål har vi sett før.

- Det sto 2-0 til pause. I andre omgang la vi oss litt nedpå, og fekk eit mål i mot, men så gira utane opp igjen, seier Steffensen.

4 nye i andre omgang
Preben skåra nok eit mål på eit flott langskot. Ramo Racic, som skåra to av to mål då Os 2 slo Trott fredag, gav Os 4-1-leiing, før Sondre Samdal og Espen Kopperud fekk kvar sine skåringar.

At Steffensen sine eigne spelarar blomstra saman med A-spelarane synes han er minst like kjekt.

- Eg trur Os er på rett veg når det gjeld talentutvikling. Fleire av dei som spelar for juniorlaget i serien var også gode i går, både målskårarane og spelarar som Kristoffer Sande, som har utvikla seg mykje i vinter, seier Øyvind Steffensen.

Sidan han som ny juniortrenar ikkje kjenner spelarane på A-laget så godt, fekk han gamletrenar Einar Nytræ til å leia laget til siger laurdag. Saman med Bjørn Bakke, som framleis er ein nøkkelperson for juniorane med si rolle som assistenttrenar.

Neste NM-runde blir i mai.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.