6 mål av Egil Thuen
Etter uavgjort i andre runde har Søre Neset tre sigrar på rad. Søndag lagde Egil Thuen vestkystsalat av Vestkysten.
Søre Neset starta serien med 1-2-tap for Eikelandsfjorden på heimebane før dei spelte 2-2 borte mot Sædalen.
Så vann dei 6-3 borte over Øystese 2 og 4-1 heime over Rosendal.
Søndag var det bortekamp mot Vestkysten, og då blei det endå meir målrikt.
Vestkysten - Søre Neset 0-8
Målskårarar: Egil Thuen 6, Thomas Lindborg 2.
– Egil har skåra ein del til no i sesongen, men søndag sprudla han skikkeleg. Det var ikkje berre det at han skåra mange mål, det var måten han gjorde det på, seier trenar Kenneth Svenningsen.
– Han sprang forbi alt og alle og klinte ballen i kryssen. Det var gøy å sjå på! Egil overhøyrde også at vi, etter at han hadde skåra fire mål, diskuterte om andre spelarar skulle få sleppa til.
– Då kom han bort til oss og ba om å få spela meir, «la meg no få spela når eg har det så gøy», sa han.
Lagkameraten sette inn 1-0 og 3-0, alle dei 6 andre måla var det unge Thuen som skåra.
– Han sprang faktisk av seg sko-solen, men let seg ikkje stoppa av den grunn. Det var berre å ropa til Kenneth Hufthammer å få slengt inn ein reservesko, så han kunne skåra eitt mål til.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Last ned Midtsiden-appen idag
No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.
- Gratis å lasta ned
- Bli varsla straks noko skjer
- Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.