Sport | 08. okt. 2017

6 tips til deg som ikkje trener

Skulle du byrja å trena denne hausten? Det er framleis haust - lag ein plan.

6 tips til deg som ikkje trener
Spaltist: Torill Bakke er fysioterapeut, personleg trenar og kosthaldsvegleiar. (Foto: Ørjan Håland)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 08. okt. 2017 07:30

Fysioterapeut og personleg trenar (PT) Torill Bakke er fast Midtsiden-spaltist, og kjem i starten på kvar månad med gode råd innan trening og ernæring. Sjå lenkje til fleire treningstips nedst i artikkelen.

Oktober står for døra og hausten er allereie godt i gang. Å koma inn i gode treningsrutinar for hausten treng ikkje vera komplisert eller tidkrevande, men god planlegging i ein travel kvardag er alltid å anbefale.

Kvardagen er hektisk og eg har ikkje tid til trening. Kjenner du deg igjen i denne? Trening er nødvendig for å halda kroppen og helsa di ved like. God helse er viktig og kjem ikkje av seg sjølv. For helsa vår sin del må vi alle prioritera regelmessig trening. Den jobben må vi gjera sjølv, for det skjer dessverre lite sitjande i sofaen.

Kva du gjer er opp til deg. Kva trivast du med å gjera? Den endringa du ønskjer å gjera må vera noko du kan gjera over tid. Finn ein aktivitet som gjer at du gjennomfører og som gjer at du kjenner deg bra både under og etter økta di.

Dersom hausten har kome brått på og treninga har lagt på vent ein periode er det lurt å starta rolig på igjen med trening. Ta omsyn til noværande treningsstatus og start treninga der.

Både trening og eit godt kosthald er ferskvare.

Den gode formen du hadde for nokre år sidan varer ikkje evig om du ikkje held fram med å trena. Om du er heilt i starten av å koma i gang igjen kan det å starta med éi god treningsøkt i veka vere kjempebra. Derifrå kan det på sikt vera greit, gjerne kvar veke, å få seg treningsøkter som både utfordrar styrken og kondisjonen din.

• Sjå video: Den viktige styrketreninga

Som med alt anna i livet kan det vera lurt å spørra seg sjølv kor er eg no med tanke på trening og helse. Kor vil eg? Korleis nå målet? Vi er alle ulike og med forskjellige referanser for kva som triggar oss til å koma inn i gode og varige treningsrutinar.

Her kjem nokre tips for deg som treng å koama litt meir i gang på treningsfronten.

1. Planlegg treningsveka.

God planlegging er ofte nøkkelen til suksess. Kvar helg kan det vera lurt å sjå over komande vekeplan og setja av tid til å legga inn ei treningsøkt. Planlegg og gjennomfør alltid når dagen kjem.

2. Tren saman med andre.

Delt treningsglede er dobbel glede. Dersom det er vanskeleg å koma seg på trening åleine kan det å ha ein treningspartner vera ein god idé. Å laga ein avtale med ein venn forpliktar meir enn om ein skal trene åleine, og det er alltid meir stas å stilla på ei treningsøkt når du veit at nokon ventar på deg.

3. Test ut gruppetrening.

Å trena i ein fellesskap er gjevande. Eit intervall på ein spinningsykkel eller å delta i ei løpegruppe gir deg som oftast ei meir intensiv økt enn om du tar sykkel. eller løpeturen åleine.

Innanfor gruppetrening er det mykje bra å velja mellom. Test ut ulike timar og finn dei som passar for deg.

4. Legg treninga innandørs.

Hausten kan vera tida då det kan vere greit å legga ein del av øktene innandørs for å sikra at det ikkje er vått haustvær som står i vegen for å få gjennomført treningsøktene våre.

Finn deg eit treningssenter som passar for dine behov og kos deg med mykje god innetrening i mørkt og vått høstvær.

5. Set deg gode treningsmål.

Å setja seggode treningsmål er bra for motivasjonen. Set gjerne både kortsiktige delmål og større hovudmål på sikt. Vær realistisk og set mål som du veit
du med ein innsats kan nå.

Første mål kan gjerne vera å trena regelmessig to ganger i veka. Så kan du setja deg større mål, som for eksempel å gå jamt opp Liafjellet utan å ta pause på vegen, eller å
løpe 5 kilometer samenhengande, eventuelt å kunna løfta ei viss vekt i knebøy.

Måla dine bør følga SMARTE-prinsippet. Det vil seia at måla bør vera
Spesifikke
Målbare
Aksepterte
Realistiske,
Tidsbestemte og
Evaluerbare.

6. Lær deg noko nytt.

Nye utfordringar er utviklande både for kroppen og hovudet. Kanskje dette er hausten du for første gong skal gå eller løpa ein intervall? Eller du skal
blir skikkeleg god i styrketrening og endeleg læra deg det perfekte markløftet?

Utfordra komfortsona di og nyt meistringskjensla når du endeleg klarer noko du har jobba for lenge. Den er ubetaleleg!

Vegen blir til mens vi går, også innanfor trening. Finn det som passar for deg og dyrk det! La dette bli ein bra haust der trening og fysisk aktivitet står fast på vekeplanen. Varier mellom kondisjon og styrketrening, kroppen treng begge delar! To, tre gode økter i veka er kjempeflott.

God haust, sjåast på trening!

Torill Bakke
Fysioterapeut, personleg trenar og kosthaldsvegleiar.

Les òg:
Trening er ferskvare
9 øvingar du kan gjera kvar som helst
Ekstra treningseffekt med rett mat
God form til sommaren?
Enkle steg til ein haust med overskot

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.