Lokal | 24. mars 2011

60 år med vekst

Folketalet i Os, 1951-2010: I fjor var rekord, men det er ikkje berre i nyare tid Os har gjort tigersprang i folketalet. SJÅ TOPP 5-listene

60 år med vekst
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 24. mars 2011 11:47

I dag la Statistisk Sentralbyrå ut oppdatert liste med folketal per kommune frå 1951 og fram til 1. januar 2011.

I 2010 vaks folketalet i Os med 526 innbyggarar, noko som er ny rekord, meir enn dobbelt så stor vekst som året før og størst vekst i Hordaland etter Askøy og Bergen.

Folketalet i Os har vakse kvart år i perioden, og det er ikkje berre i nyare tid at fveksten har vore høg.

I 1951, då det berre var 5.580 innbyggarar i Os kommune, vaks folketalet med 201, noko som er større årleg vekst enn vi hadde alle åra frå 1989 til 2001.

Folketalet i Os har vakse med 11.602 dei siste 60 åra, noko som gjev eit årleg snitt på 193,4.

Her er nokre topp 5-lister frå denne statistikken for Os.

TOPP 5 - År med størst vekst i folketalet
1. 2010: 526
2. 2007: 460
3. 2008: 382
4. 1977: 357
5. 1976: 336

TOPP 5 - År med minst vekst
1. 1955: 21
2. 1961: 31
3. 1993: 44
4. 1984: 53
5. 1958: 59

TOPP 5 - År med flest tilflyttarar
1. 2010: 1.030
2. 2007: 911
3. 2008: 884
4. 2005: 782
5. 2009: 756

Det var også mange som flytta til Os i for eksempel 1957 (421) og 1970 (646).

TOPP 5 - År med flest fødde
1. 2008: 266
2. 2010: 251
3. 2006: 231
4. 1990: 225
5. 1991: 215

Det var også mange nyfødde i Os i år som 1966 (180), 1971 (185) og 1978 (201).

NOKRE ANDRE ÅRSTAL
• Året vi passerte 10.000 innbyggarar: 1977
• Året vi passerte 15.000 innbyggarar: 2005
• År med flest døde: 2010 med 118, og 1999 og 2006, begge med 107.
• År med flest fråflyttarar: 2006 med 664, 2010 med 647 og 209 med 632.
• Også i 1970 var det mange som flytta ut av Os, 602 var mykje i forhold til folketalet.

1. januar 2011 var vi 17.210 innbyggarar i Os kommune.

Kjelde: ssb.no

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.