Sport | 14. juli 2017

60 skuffande minutt

Erik Kanestrøm sine to mål var ikkje nok då Os spelte borte mot Spjelkavik.

60 skuffande minutt
Hassan El Fakiri og tomålsskårar Erik Kanestrøm, her i heimekampen mot Spjelkavik i april. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 14. juli 2017 07:52

Spjelkavik - Os 4-2 (1-0)
Målskårar, Os: Erik Kanestrøm (2-1 og 3-2)
Kampfakta på fotball.no

Torsdag spelte Os borte mot Spjelkavik i siste kamp før ferien. Os, som berre hadde eitt tap på dei siste seks kampane før gårsdagens oppgjer, låg to plassar over Spjelkavik før kampstart.

På Kuventræ leia Os 1-0 før dei utlikna til 2-2. Borte var det Spjelkavik som tok leiinga.

– Dette er nok det svakaste eg har sett av oss. Det er ikkje ofte eg seier det, men dei første 60 minutta var skuffande, seier Os-trenar Hassan El Fakiri.

– Det gjekk på alt frå vala vi gjorde til posisjonering, viss vi skal spela slik vi trener på må vi våga. I denne kampen var vi feige, i alle fall i 60 minutt. Spjelkavik kan koma høgt, men vi må halda fram med å tru på oss sjølv, å bruka heile banen, ikkje klumpa oss saman. Vi snakka om dette før kamp og i pausen, men det blei ikkje godt nok.

Vertane leia 2-0 før Kanestrøm reduserte på straffe. Kanestrøm sto òg for reduseringa til 3-2.

– Det kom seg heldigvis kraftig. 3-1 kom på dødball, 4-2 då vi i iver etter utlikning mista fokus og prøvde oss på nokre langpasningar i staden for å visa tolmod.

Tar imot Stord etter ferien

Etter ein lang busstur heim natt til fredag har spelarane no fri til 31. juli.

Då får dei éi veke med fellestrening før heimekamp mot Stord laurdag 5. august.

Med siger i går ville Os vore eitt poeng frå Fylllingsdalen på 4. plass. No ligg dei på 9. plass, plassen over nettopp Stord.

TABELL OG TERMINLISTE

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.