Kultur | 23. mai 2017

600 unge koristar til Os

Korbygda Os blir "invadert" av unge korsongarar når Nordbusang starter onsdag.

600 unge koristar til Os
600 songarar frå 10 år og oppover, får heile Norden, kjem til Os onsdag. Her frå eit tidlegare arrangement (pressefoto)
Andris Hamretirsdag 23. mai 2017 11:36

Kormiljøet i Os er stort og aktivt. Dei kommande dagane blir det enno meir song enn normalt når Nordbusang 2017 blir arrangert. Nordbusang er en korfestival for barn og unge frå ti år og oppover frå heile Norden, og blir i år blir arrangert i Oseana Kunst- og kulturhus.

– Frå onsdag samlast 600 barn og unge frå heile Norden til Korfestivalen Nordbusang på Os. Her skal dei læra nye songar, synge for kvarandre, treffe nye vener og halde opne konsertar, fortel Mari Byrknes i ei melding til Midtsiden.

Tre dagar med konsertar

Festivalen opnar i storsalen i Oseana onsdag klokka 18.

– Då får du sjå kor og songarar frå Vestlandet opptre. Her vil det òg bli delt ut prisen til årets barnekordirigent.

– Torsdag 15. mai held alle kora på festivalen eigne konsertar. Då blir det moglegheiten til å høyre finsk, islandsk, dansk, svensk og norsk musikk.

Konsertstadane er Greiegsamlingen, Os kyrkje, Kyrkjetunet og Kløvertun.

Workshops og utflukter

I løpet av festivaldagane skal deltakarane blant anna vera med på seks ulike workshops og sosiale aktiviteter får det heile avsluttast med ein stor felleskonsert i Oseana laurdag klokka 17.

– Då skal alle deltakarane framföra verket Moder Jords Drømmer av Felicity Laurence. I tillegg blir det karibiske rytmer, musikalmusikk, indisk musikk, norsk folkemusikk og mykje meir, avsluttar Byrknes.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.